Samle flokken – om arbeidet med eit trygt og godt skolemiljø etter perioden med fjernundervisning

Kronikk: Kommunane, skolane  og lærarane i Noreg har i perioden med koronasituasjonen vist imponerande evne til å raskt omstille seg og ta i bruk digitale hjelpemiddel i fjernundervisning av elevane. Den fyrste veka var både skole, lærarar, elevar og føresette i ein akuttfase, som etter kvart gikk over i driftsfasen, fase 2. Måndag 27. april skal 1.-4. trinn etter planen kome tilbake til skolen. Og med det er vi over i fase 3 - det er på tide å samle flokken igjen.  

Skriv ut

Samfunnet og ansvarlege myndigheiter har i perioden med fjernundervisning hatt høgt fokus på barn og unge som ikkje har det godt heime. Dette med rette, for desse skal og må vi ikkje gløyme. Samstundes må vi heller ikkje gløyme barn og unge som i same periode aldri hatt ein tryggare og betre skolekvardag, fordi dei har vore på trygg avstand frå skolen og medelevar. 

Elev- lærling og mobbeomboda i Noreg har vore i kontakt med elevar og foreldre til elevar, som fortel at dei gruar seg til å kome tilbake til skolen igjen. Vi meiner det er viktig at skolane og lærarane set av tid og  rettar fokus også mot denne gruppa elevar i tida før og etter skolen opnar opp igjen. Vegring for å gå på skolen kan fort utvikle seg til skolefråvær. I vekene med fjernundervisning har mange elevar opplevd at det å vere heime er eit godt alternativ. Skolen og lærarane må vere tett på desse elevane, trygge og motivere saman med foreldra. Det går ikkje av seg sjølv.

Kunnskapen og erfaringane lærarane har om elevgruppa si er avgjerande. Elev-, lærling- og mobbeomboda i Noreg har utarbeidt 8 råd, som kan vere til god hjelp i planlegginga og gjennomføringa av opninga av skolane igjen:

1. Bruk kunnskapen du har om elevgruppa di. Korleis var kulturen i klassa før perioden med heimeskole? Ver ærleg med deg sjølv.

2. Kven bør få ein ekstra telefon- eller teamssamtale før skolestart? Kva for relasjonar bør ein sjekke ekstra opp? Kartlegge alle elevar og særleg dei sårbare. Analysere kva som har endra seg og bruk det i planlegginga av oppstarten.

3. Korleis tilpasse klasseleiinga til kunnskapen du no har om elevane som kjem tilbake til skolen? Struktur og føreseielegheit blir no ekstra viktig for mange elevar. Ta klasserommet frå fyrste stund med STORT HJARTE OG STRAM REGI!

4. Korleis skal du involvere foreldra i planlegginga og gjennomføringa av oppstarten? Ta kontakt med klassekontaktane og skolen sine råd og utval. Kva kan dei gjere for å støtte opp om arbeidet med skole- og klassemiljøet i denne fasen?

5. Har elevane dine ynske og behov det er viktig at du får vete om? Korleis kan du sikre at alle blir høyrt og sett? Medverknad gjennom å lytte til alle elevane sine stemmer bidreg til tillit og tru på at dei blir varetekne.

6. Kva for faktorar kan opprette opplevinga av tryggleik og tilhøyrsle i elevgruppa? Kva kan du gjere for å auke samhaldet og bygge eit «gyldig vi»? Hugs at dette kan vere ein restart!

7. Kva kan du gjere for å auke motivasjonen hos elevane? Korleis få dei til å oppleve meistring? Kva for faktorar har innverknad? Drøft og sett i verk tiltak som kan auke opplevinga av mestring og motivasjon hos enkeltelevar og i klassa generelt.

8. Kven og kor i elevgruppa er det viktig å vere nære i den fyrste perioden? Er det elevar som treng ekstra støtte for å oppleve tryggleik og tilhøyrsle i fellesskapet? Følg med, ver nysgjerrig og tett på i timane, overgangar, friminutt og SFO.

Skap ein trygg skolestart for alle - med alt det inneber, med STORT HJARTE og STRAM REGI! Dei fyrste dagane blir avgjerande.

Lukke til med oppstarten!

 

Med venleg helsing  

 

Kristin Øksenvåg                                                             Tove Regine Stranden

 

Mobbeombodet i Møre og Romsdal                       Elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal

 

Dokumenter

Kontakt