Pasient ved tannklinikk (oppdatert 18.5)

Gradvis opptrapping av tannhelsetilbodet

Dei offentlege tannklinikkane i fylket opnar gradvis for pasientbehandling. Dei nye tilrådingane frå Helsedirektoratet inneber ei opptrapping av aktivitet, samtidig med at tilbodet om akuttbehandling av personar som er smitta, eller mistenkt smitta av koronaviruset blir administrert av fire beredskapsklinikkar i fylket.

For å redusere risiko for spreiing av koronasmitte blant pasientar og tannhelsepersonell, vil det framleis ikkje vere normal drift med ordinære tannhelsekontrollar og tannbehandling ved klinikkane. Det vil gradvis bli opna for dette etterkvart dersom den positive smitteutviklinga held fram.

Har du behov for tannhelsehjelp?

Alle dei offentlege klinikkane er opna frå veke 20, men ingen slepp inn på klinikken utan avtale på førehand. Ta kontakt på telefon med den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat).

I forkant av eventuell undersøking, må smittestatusen vurderast nøye. Har du forkjølingssymptom og/eller feber skal tannbehandling utsettast. Pasientar kan berre ha følgje av ein person, som også må klarerast med tanke på smittestatus.

Oversikt over dei offentlege tannklinikkane finn du her

Smitta eller mistenkt smitta pasientar

Er du mistenkt, sannsynleg eller bekrefta smitta med koronavirus må du gi beskjed om dette ved første telefoniske kontakt med din ordinære tannklinikk. Dette gjer det mogleg å legge til rette for forsvarleg behandling både for deg og tannhelsepersonalet. Hovudregelen er at behandlinga blir utsett til du er frisk, dersom det ikke er fare for liv og helse.

Akutt tannbehandling blir administrert ved desse offentlege beredskapsklinikkane:

  • Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
  • St. Carolus kompetanseklinikk, Molde, tlf. 71 28 46 20
  • Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
  • Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

Meir informasjon

Les tilrådingane til tannhelsetenesta frå Helsedirektoratet her

Norske styresmakter oppmodar alle innbyggarar til å halde seg oppdatert og følge nasjonale råd og føringar knytt til situasjonen. Les meir på folkehelseinstituttet si heimeside