Ofte stilte spørsmål

Spørsmål som gjeld skole og utdanning

Så snart skolane har informasjonen klar, vil dei gi beskjed til elevane på sin skole, for når du skal møte på skolen igjen. 

På grunn av smittevernkrav vil det vere redusert kapasitet for skoleskyssen. Det vil berre vere plass til om lag halvåarten av elevane. Vi oppfordrar dei som kan gå, sykle eller bli køyrt til skolen, om å gjere det.

Skolekvardagen blir ikkje som før koronatiltaka. Vi må framleis ta omsyn til smitteverntiltak. Korleis dette blir for dei enkelte skolane og klassane veit vi ikkje enno. Det er mogeleg at elevane må møte på skolen til ulike tider, kanskje får dei opplæring i andre rom enn tidlegare og kanskje blir undervisnninga lagt opp annleis enn før. Elevane må derfor vere forberedt på ein kombinasjon av oppmøte på skolen og heimeundervisning, og vil etter kvart få beskjed om når dei skal møte opp.

Det er laga ein nasjonal rettleiar for smitteverntiltak på skolane. Her står det mykje om korleis både skolen og elevane kan gjere ein innsats for å hindre smitte.

Dei tre viktigaste tiltaka er:

  • avstand
  • handhygiene
  • halde deg heime dersom du er sjuk
  • Dersom skoleeigar må avlyse eksamen i mai og juni 2020 på grunn av korona-viruset, vil elevane likevel få vitnemål. 
  • Det vil vere opp til kvar skoleeigar å vurdere om ein har tilstrekkeleg grunnlag for å sette standpunktkarakter. Skolen kan bruke både det eleven har vist i opplæringa fram til no, og eventuelt heimearbeid som grunnlag for å vurdere eleven. Dette gjeld både ved langvarig karantene og ved stengte skoler.

Du kan lese meir på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Svar:
regjeringa har bestemt at alle barnehagar og skolar skal vere stengt frå og med 12. mars kl. 18.00. I første omgang til til 26. mars, men dette kan bli forlenga. Du kan lese meir på nettsidene til utdanningsdirektoratet

Svar:
Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket med heimeundervisning blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.
Vi ber elevar og foreldre om å halde seg jamleg orientert om utviklinga av koronasituasjonen gjennom media.

Svar:
Dersom du har gløymt å få med deg bøker eller PC heim, kan du ta kontakt med rektor, slik at du får avtalt å hente det du treng.

Svar:
Er du meldt opp til fag- eller sveineprøver i perioden 16. mars - 20. april 2020, blir prøven din utsett.
Perioden kan bli forlenga.

Svar:
Lærebedriftene melder inn til Møre og Romsdal fylkeskommune dersom det er lærlingar/lærekandidatar som blir permittert eller sjukmeldt over ein periode på meir enn to veker. Vi legg då inn avbrot i lære/opplæringskontrakten.

Spørsmål som gjeld tannhelse

Svar: 

For å redusere risiko for spreiing av koronasmitte blant pasientar og tannhelsepersonell, vil det framleis ikkje vere normal drift med ordinære tannhelsekontrollar og tannbehandling ved klinikkane.

Har du ordinær time hos tannlegen, vil timen din bli utsett. 

Dei offentlege tannklinikkane i fylket opnar gradvis for pasientbehandling. Dei nye tilrådingane frå Helsedirektoratet som kom 20. april, inneber ei opptrapping av aktivitet, samtidig med at tilbodet om akuttbehandling av personar som er smitta, eller mistenkt smitta av koronaviruset blir administrert av fire beredskapsklinikkar i fylket.

Svar:
Har du ein betennelse eller alvorlege tannskade, ta kontakt på telefon med den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat). Ikkje møt opp personleg på klinikken.

Alle dei offentlege tannklinikkane har telefonvakt i vanleg opningstid. 

Akuttilbod får du på den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat) eller ein annen tannklinikk din ordinære tannklinikk har avtale med.

Tilbod til smitta eller mistenkt smitta pasientar

Er du mistenkt, sannsynleg eller bekrefta smitta med koronavirus må du gi beskjed om dette ved første telefoniske kontakt med din ordinære tannklinikk. Dette gjer det mogleg å legge til rette for forsvarleg behandling både for deg og tannhelsepersonalet.

Tilbod om akutt tannbehandling for smitta, eller mistenkt smitta pasientar blir administrert ved desse offentlege beredskapsklinikkane:

  • Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
  • St. Carolus kompetanseklinikk, Molde, tlf. 71 28 46 20
  • Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
  • Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

 

Svar:
Vi gjer alt vi kan for å hindre smitte på tannklinikkane. Alle pasientar vil bli behandla under eit forsterka basalt smittevern og med tilpassa kliniske rutinar for å redusere risiko for smitteoverføring av Covid-19.
For akutte tilfelle, sjå spørsmåla over.
 

Spørsmål om møte, kurs og konferansar

Svar:
For å hindre spreiing av koronaviruset, avlyser fylkeskommunen alle arrangement og møte med fleire enn 15 deltakarar. Dette er i tråd med nasjonale retningslinjer. Vi har laga  ei oversikt over arrangement som er avlyst eller utsett