Informasjon til tannlegar som driv privat praksis (oppdatert 18.5)

Gradvis opptrapping av tannhelsetilbodet

Dei offentlege tannklinikkane i fylket opnar gradvis for pasientbehandling. Tilrådingane frå Helsedirektoratet inneber ei opptrapping av aktivitet, samtidig med at tilbodet om akuttbehandling av personar som er smitta, eller mistenkt smitta av koronaviruset blir administrert av fire beredskapsklinikkar i fylket.

Organisering av arbeidet på tannklinikken, gjennomføring av smittevernrutinar og tilgang på smittevernutstyr, vil vere styrande for kven og kor mange som kan få tilbod om tannbehandling.  Kva pasientar som får tilbod om behandling må vere basert på fagleg skjønn og fagleg forsvarligheit. 

Antatt friske pasientar skal behandlast under basalt smittevern, samt med forsterka smittevernråd (FHI) for å redusere risiko for smitteoverføring av covid-19. Dei vanlege basale smittevernrutinane inneber bruk av kirurgisk munnbind type 2 eller 2R, visir eller beskyttelsesbriller. Dei forsterka smittevernråda er: 

  • Før tannbehandling bør pasienten skylje munnen med 1 % hydrogenperoksid (H2O2) i minst 1 minutt. Skyljevæska spyttast i glass og tømmast forsiktig i vask. 
  • Aerosolgenererande prosedyrar som bruk av turbin, hand- og vinkelstykke og treveissprøyte bør minimerast. Ultralyd, airscalar og airflow bør ikkje benyttast. Dersom aerosolgenererande prosedyrar er naudsynt, benytt vakumsug og kofferdam der det er mogleg. Kofferdam settast på før behandlingen startar. 
  • Tannlegar bør jobbe med assistanse av tannhelsesekretær, inkludert firehendig teknikk ved kliniske prosedyrar. 

Pasientar med behov for tannhelsehjelp

Alle dei offentlege klinikkane er opna frå veke 20, men ingen slepp inn på klinikken utan avtale på førehand. Pasientar skal ta kontakt på telefon med den tannklinikken der dei vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat).

I forkant av eventuell undersøking, må smittestatusen vurderast nøye. For pasientar med forkjølingssymptom og/eller feber skal tannbehandling utsettast. Pasientar kan berre ha følgje av ein person, som også må klarerast med tanke på smittestatus.

Oversikt over dei offentlege tannklinikkane er tilgjengeleg her 

Fire beredskapsklinikkar

Det akutte behandlingstilbodet til smitta pasientar som er administrert av fire beredskpasklinikkar, vil gjelde for heile befolkninga i tråd med helsedirektoratet si anmodning og inntil noko anna er bestemt. Dette behandlingstilbodet omfattar behandlling som ikkje kan utsettast p.g.a. fare for liv og helse. Behandlingstilbodet er ikkje meint å erstatte privat tannhelseteneste. Friske, ikkje smitta pasientar, som treng akuttbehandling må henvende seg til sin faste tannklinikk.

Desse fire beredskapsklinikkane administrerer behandlinga av smitta pasientar:
•    Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
•    St. Carolus kompetanseklinikk Molde, tlf. 71 28 46 20
•    Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
•    Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

Samarbeid med private tannlegar

  • Smittevernutstyr er pr. dato ei utfordring både for offentleg og privat tannhelseteneste. Den offentlige tannhelsetenesta har kjøpt inn smittevernutstyr gjennom andre kanalar og oppmodar private klinikkar om å gjere det same. 
  • Private som ikkje har verneutstyr for eventuell behandling av eigne smitta pasientar kan ta kontakt med nærmaste beredskapsklinikk for å avklare behandling og vidare oppfølging. Det presiserast at all akuttbehandling og henvisning til berdskapsklinikkane av smitta pasientar, berre skal skje dersom det er heilt nødvendig, og vere begrensa til eit minimum. Dersom det er mistanke om at pasienten har smitte, skal den henvisande tannlegen anmode pasienten om å teste seg før behandling.
  • Vi har fått tilbakemelding frå lokallagsleiarane i NTF at det er fleire tannlegar som ønsker å vere tilgjengelig for å bidra på beredskapsklinikkane dersom dette skulle vise seg å bli nødvendig. Fylkestannlegen er takksam for at private tannleger ønskjer å stille opp saman med den offentlege tannhesetenesta, slik at vi saman kan komme gjennom denne krevjande tida på ein trygg måte for pasientane. 

Den offentlege tannhelsetenesta legg til grunn helsedirektoratet sine oppdaterte faglege tilrådingar for all tannbehandling:

Helsedirektoratets faglege anbefalingar til tannhelsetenesta (7.5.2020)

Smittevernveileder for helsevirksomheter med én-til-én kontakt (20.4.2020)