Informasjon for næringsliv

Gjennom BIO-ordningane kan bedrifter i Møre og Romsdal, uavhengig av bransje, søke støtte til kompetanseheving. Det finns to ordningar, BIO og BIO2. BIO2 er primært retta mot nettbaserte kompetansetiltak for personar som er heilt eller delvis permittert. Les meir om BIO-ordningane under Tilskot, prisar og stipend.

NB – før du søker BIO-midlar, sjå oversikta over kurs som allereie blir tilbudt.

ÅKP og Mafoss har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å utvikle og tilby kurs innafor tema som strategi og leiing, teknologi, produksjon, nye forretningsmodellar og innovasjon og produktutvikling. Desse kursa er opne for alle bedrifter i Møre og Romsdal. Her finn du meir informasjon om tilboda.

Gründertenesta hoppid.no tilbyr gratis online kursprogram for deg som vil starte, eller nyleg har starta bedrift. Kursdeltakarane får individuell oppfølging mellom samlingane. Les meir på www.hoppid.no/kalender

Med støtte frå fylkeskommunen har destinasjonsselskapa i Møre og Romsdal har fått på plass ein nettportal med ei rekke kompetansehevande kurs for tilsette i opplevingsnæringane (reiseliv, mat og kultur). Portalen finn du her:  https://www.visitmr.com/kompetanse

Innovasjon Norge har fått tilført 4,7 milliardar kroner i ekstra tilskots- og lånerammer i krisepakka som vart vedtatt av Stortinget rett før påske. Midlane skal gå til utviklingsprosjekt i innovative oppstartsbedrifter, små og mellomstore bedrifter og vekstbedrifter i heile landet.

Les meir på Innovasjon Norge sine nettsider.

Det er viktig for Innovasjon Norge  å få informasjon om kva utfordringar bedrifter møter som følge av koronakrisa, og dei ber derfor bedrifter ta kontakt på tlf 22 00 25 00 eller mail.  Ta kontakt her.

I samband med koronasituasjonen, har fleire eksisterande ordningar fått påfyll av rammene, og krav om eigenfinansiering er redusert. Dette er ordningar bedrifter kan søke på:

Fylkeskommunen si tiltakspakke på 190 mill. kroner

Vi legg press på regjeringa - uttale frå partnarskapen for verdiskaping

Snarvegar