Fylkeskommunen sin tiltakspakke (vedtatt 21. april)

Tiltakspakka vart behandla i fylkestinget 21. april, og er på totalt 190 millionar kroner.

Koronaepidemien rammar globalt, all næringsverksemd, og ikkje minst regionen vår som industrifylke og med landets mest eksportretta næringsliv. Fylkesordføraren har derfor aktivert Partnarskapet for verdiskaping og kompetanse for å samordne tiltak for næringslivet. Partnarskapet består av NHO, LO, Nav, Innovasjon Norge, Forskingsrådet, Siva, KS, Fylkesmannen, klyngeleiarane og fylkeskommunen. 

Dette vil fylkeskommunen løyve ekstra midlar til: 

Næringsretta tiltak

Bedriftsintern opplæring er eit målretta virkemiddel for bedriftene til opplæring på kompetanseområde som vil medverke til omstilling. Fylkeskommunen overtok ansvaret for dette frå Nav frå årsskiftet og har etablert to ordningar for bedriftsintern opplæring (BIO).  Gjennom BIO 1-ordninga kan bedrifter søke om støtte til kompetansehevande tiltak i samband med omstilling, som alternativ til å permittere arbeidstakarar. Gjennom BIO 2-ordninga kan bedrifter søke støtte til kompetanseheving for tilsette som er heilt eller delvis permitterte. Med desse midlane kan bedrifter tilby nettbasert opplæring på kompetanseområde som vil medverke til omstilling.  Målet er å medverke til at ein står betre rusta for nye marknader slik at ein kjem raskare i gang etter krisa.

I den spesielle situasjonen som vi er i nå, har fylkeskommunen svært stor etterspurnad etter desse midlane, som inneber at dei 5,25 mill kroner i statlege midlar som fylkeskommunen har fått til dette, er alt for lite. Den fylkeskommunale administrasjonen arbeider no på spreng med å behandle førespurnader og søknader frå mange store og små bedrifter, bransjeorganisasjonar og innovasjonsmiljø i heile fylket. I tidlegare krisetider har Nav her i fylket nytta over 30 mill kroner til dette.  Behovet i denne krisa ser ut til å vere enda større, og fylkeskommunen vil derfor nytte ekstraordinære midlar til dette. I tillegg vil vonleg ordningane bli ytterlegare styrka gjennom nye nasjonale tiltakspakkar.

Fylkestinget har vedteke å auke innsatsen til meir langsiktig omstilling av næringslivet, og har bedt fylkeskommunedirektøren kome attende med ei sak til orientering om korleis dette skal organiserast. Kostnadsramme: 2 mill. kroner

Møre og Romsdal har små, men kompetente forskingsmiljø for grøn omstilling. Desse må vi behalde og styrke for at næringslivet i fylket skal dra nytte av dei i utviklinga av nye grøne forretningsområde.  No er det vanskeleg å få finansiert bidrag frå næringslivet i forskingsprosjekt. For å bidra til å utvikle nye prosjekt for grøn omstilling og å halde på den næringsrelevante forskarkompetansen i fylket, vil fylkeskommunen difor styrke Møreforsking med 5 mill.kroner og Norsøk med 2 mill. kroner til kompetansebygging og prosjektutvikling innanfor grøn omstilling.  

For å utvikle nye næringsområde vil fylkeskommunen forsterke arbeidet med utvikling av industriell dyrking av makroalgar.  Fylkeskommunen vil legge til rette for etablering av forsøksfelt for dyrking av ulike artar av makroalgar i skjerma og eksponert miljø, og tilrår ekstra 2 mill kroner til dette i 2020. I neste omgang vil  fylkeskommunen også legge til rette for etablering av senter for mottak, lab og testprosessering av makroalgar.

Reiselivet er i ein kritisk situasjon, og fylkeskommunen vil nytte midlar for å bidra til at næringa kjem seg gjennom krisa, og framleis har opplevingar å selje når marknaden opnar. Vi vil oppretthalde, og vurdere å auke støtta til Møre og Romsdal Reiseliv, samtidig som kravet om bidrag frå bedriftene vert fjerna. Støtta skal nyttast til å målrette marknadsføringa mot dei marknadane som først vert opna etter koronakrisa. Fylkeskommunen vil også tilby ressursar gjennom  prosjektet "Reiseliv, mat og kultur" for å samarbeide med destinasjonsselskapa og Innovasjon Norge om å tilby ekstra kompetansehevande tiltak til reiselivsbedrifter i Møre og Romsdal. 

For å sikre effektiv bruk av denne støtta, er det ein føresetnad at destinasjonsselskapa slår seg saman til eitt selskap.

Stortinget har vedteke nullutslepp frå ferjer og cruiseskip i verdsarvfjordane frå 2026, noko som vil krevje heilt nye løysingar for ferdsel inn til Geiranger. For å finne nye løysingar på dette er det ønske om å sette i gang eit innovasjonspartnarskap mellom Stranda kommune, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er ein del av eit større program som vil bli etablert for ei positiv framtidig utvikling av Geiranger og verdsarvområdet, ref. fylkesutvalet sak U-38/20.
 

Nokre kommunar vil bli ekstra ramma fordi dei har ein einsidig og sterkt eksportretta næringsstruktur. Det er fare for at det vil ta lang tid før marknadane er tilbake for fleire av våre eksportnæringar, og det er usikkert korleis dei kjem tilbake. Det vil vere behov for både omstilling og utvikling av nye arbeidsplassar. Det er derfor tilrådd å styrke midlane til kommuneretta omstilling. Det er allereie innleidd samtalar med Sykkylven kommune, som har ein einsidig næringsstruktur og no har opplevd massive permitteringar. Fleire kommunar og lokalsamfunn vil hamne i same situasjon.

For å få fram fleire nye bedrifter vil fylkeskommunen auke hoppid-kontora si ramme for avklaringsmidlar. Dette er midlar som hoppid-kontora nyttar til markedsavklaring og mindre tiltak i små og nystarta bedrifter. Små og nystarta bedrifter vil ha behov for omstilling etter krisa, og nye forretningsidéar treng avklaring. Hoppid-kontora kan vere eit middel for å nå mange små bedrifter i kommunane.  Det kan og vere behov for ekstrea støtte til inkubatorar og næringshagar i 2020, slik at operatørane kan initiere fleire prosjekt og i større grad kan tilby sine tenester utan eigendelar frå bedriftene.

Løyving ramme 60Beløp (mill. kr)
Tilskot til bedriftsintern opplæring (BIO)10 
Grøn omstilling9
Tilskot til omstillingstiltak i lokalsamfunn og nyetableringar5
Utviklingstiltak i reiselivsnæringa10

 

Styret i Møreforsking AS og ekstraordinær generalforsamling har vedteke å fusjonere dei to datterselskapa Møreforsking Molde AS og Møreforsking Ålesund AS inn i Møreforsking AS, og samtidig gjennomføre ein emisjon for å styrke eigenkapitalen i selskapet med minimum 7 mill kroner.

Møreforsking AS er i dag eigd av fylkeskommunen (36%), stiftelsen Møreforsking (10%) og NTNU, Høgskolen i Molde og Høgskolen i Volda (samla 54%).  Det er gjort ei substansvurdering av dei tre selskapa i Møreforsking-konsernet, som grunnlag for eit bytteforhold i intern fusjon til eitt Møreforsking. I tillegg går NTNU og Høgskolen i Molde inn med 0,5 mill kroner i fusjonen, og NTNU, HiM, HVO vil då samla ha 33,4%. Samtidig har ein og fått inn, Åkerblå AS, som har forplikta seg til å gå inn med 1,5 mill kroner i emisjonen. 

Fylkeskommunedirektøren meiner det er viktig at alle eigarane no er einige om å fusjonere datterselskapa inn i Møreforsking AS. Dette vil gi ein samla organisasjon der ein enklare kan ta ut synergiar på tvers av fagområda og lokasjonane.  Den økonomiske situasjonen og behovet for vekst gjer at fylkeskommunedirektøren meiner det er viktig å styrke Møreforsking sin eigenkapital.  Møreforsking er fylkets største forskingsinstitutt og ein viktig kunnskapsleverandør for nærings- og samfunnslivet i regionen. Fylkeskommunedirektøren meiner fylkeskommunens eigarskap er strategisk for fylket, og at fylkeskommunen bør oppretthalde tilnærma dagens eigarandel. Fylkeskommunedirektøren tilrår at det blir avsett 5 mill kroner til ny aksjekapital i Møreforsking. Eiga sak om dette blir lagt fram til Fylkestinget i juni.

Utlysingar frå eksisterande ramme:

Fylkeskommunen lyser gjennom Regionalt Forskingsfond Møre og Romsdal  ut 14,4 mill. kroner til kvalifiseringsprosjekt og hovudprosjekt. Til å mobilisere tidlegfase forprosjekt har fylkeskommunen i tillegg 5 mill. kroner gjennom MobPro. Bedriftsprosjekt vil bli prioritert og støttegraden kan bli auka for å kompensere for lågare bedriftsfinansiering.

Fylkeskommunen har gjennom Marint Miljøsikrings- og verdiskapingsfond lyst ut midlar for å styrke marint kunnskapsgrunnlag, miljøtiltak, samspel mellom havbruksnæring og villaks, og forskingsinfrastruktur for strategisk utvikling av marine kunnskapsmiljø i fylket.

Fylkeskommunen tildelte i 2019 om lag 20 mill. statlege og fylkeskommunale kroner til 10 kommunar for breibandutbygging i område der kommersielle aktørar ikkje vil bygge utan tilskot.  Dette vil bli bygd ut så snart tilbodskonkurranse er gjennomført. Møre og Romsdal er av fylka i landet med dårlegast dekning, og har stort behov for utbygging av breiband med høg kapasitet. I Stortinget sin krisepakke er det no lagt inn ytterlegare midlar til breiband. Fordelinga er ikkje kjend enno, men fylkeskommunen reknar med å  kunne doble eller tredoble innsatsen på breibandutbygging i 2020.

Fylkeskommunen lyser ut om lag 5 mill. kroner til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Dette virkemiddelet kan nyttast til å løyse problemstillingar som koronarestriksjonane skaper for landbruket. Det kan vere nye ordningar for formidling av arbeidskraft, sal og distribusjon av lokale spesialitetar m.m. Fylkeskommunen samarbeider tett med partnarskap for landbruket for å møte utfordringane i næringa.

Fylkeskommunen lyser ut 23 mill. kroner til Kristiansund, Molde og Ålesund til byutviklingsprosjekt. Dette skal skape og vidareføre konkret utviklingsaktivitet i byane, herunder også bygging av fysisk infrastruktur.  Fylkeskommunen lyser også ut 7 mill. kroner til tettstadsutvikling i kommunar som har gode planer for investeringar i sentrumsprosjekt. Fylkeskommunen kan yte fagleg bistand til kommunane i prosjektutviklinga, og vi er allereie i prosess med fleire.

Fylkeskommunen vil gi støtte til kommunar slik at dei kan initiere prosjekt og auke aktiviteten i gjennomføring av vassmiljøtiltak.

Det er viktig at våre lærlingar får fullført læretida si. For å sikre at dei får gå opp til fagprøve, ønsker fylkeskommunedirektøren å prioritere innleige av instruktørar, og leige eksterne lokalitetar for å fullføre læretid.

Samferdsel og bygg

Møre og Romsdal fylkeskommune har mange pågåande kontraktar innan drift- og vedlikehald av vegnettet. Vi vil gjere det vi kan for å gjennomføre planlagde tiltak, både innanfor drift, vedlikehald og dei investeringsprosjekta som har løyving i 2020. Det er i budsjettet lagt opp til  å nytte om lag 440 mill. kroner til drift- og vedlikehald og 1,9 mrd. kroner til investeringar i fylkesvegnettet inneverande år. Nordøyvegen er det største fylkesveganlegget i landet med ei totalramme på over 5 mrd. kroner.  Dette prosjektet åleine sikrar arbeid for fleire hundre arbeidstakarar. I løpet av våren blir det store skredsikringsprosjektet Korsmyra – Indreeide lyst ut på anbod. Dette prosjektet vil venteleg starte opp hausten.

I tillegg til desse store prosjekta blir det arbeidd med utbetring av ferjekaiene i «Nordmørspakken», utbetring av bruer fleire stader i fylket og fleire mindre trafikktryggingstiltak.

Dette vil gje auka aktivitet i alle delar av fylket og vil gje arbeid til både små og store entreprenørar. Eksempel på tiltak som blir bestilt utført er dekkelegging, utskifting av stikkrenner, skog/siktrydding, rensk og sikring av fjell og skjeringar, grøfterensk og kantforsterking, samt vedlikehald og utskifting av rekkverk. Summen av alle desse mindre tiltaka vil gje auka sysselsetting for entreprenørar og føre til auka trafikktryggleik og betre framkome i heile fylket.  For konkrete tiltak, sjå vedlegg

Det er stort behov for dekkelegging på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Desse midlane blir fordelt der behovet er størst og har størst effekt. Ekstra midlar til dekkelegging vil også gi lokal effekt med transport og førebuande arbeid før dekkelegging.

Aktuelle tiltak er på strekningane

  • Hatlane – Ålesund sentrum
  • Furneskrysset – Langevåg
  • Isfjorden til Åndalsnes

​Det er også aktuelt å oppgradere fortau på Kirklandet og Nordlandet i  Kristiansund.

Fylkestinget har vedtatt å sette av 12 mill. kroner til trafikktryggingstiltak som allereie er planlagt, men ikkje finansiert.

På grunn av koronakrisa, blir  ferjetakstene sett ned med to takstsoner slik det er blitt gjort på riksvegfergene. Ordninga gjeld inntil ny behandling i fylkestinget. Fylkestinget legg til grunn at Staten vil kompensere inntektsbortfallet i tråd med ordninga for riksvegfergene

Fylkeskommunen kan lyse ut anbod for til saman 12,5 mill. kroner på enklare vedlikehald og reparasjonsjobbar ved fleire av dei vidaregåande skolane i fylket. Dette er tiltak som først og fremst vil vere retta mot mindre lokale entreprenør- og leverandørfirma.

I tillegg ønsker fylkeskommunedirektøren å bruke 37,5 mill. kroner til større vedlikehaldsprosjekt på nokre av dei vidaregåande skolane. Gjennom rammeavtalar kan det bestillast større vedlikehald- og ombyggingsprosjekt. Dette er tiltak knytt til akutt vedlikehaldsetterslep og nødvendig ombygging/opprusting av undervisningslokale på skolane. Eksempel på dette kan vere fasaderehabilitering, utskifting ventilasjon og nye realfagsrom. Desse tiltaka vil medføre rask oppstart på oppdrag til bransjen over heile fylket. For konkrete tiltak, sjå vedlegg i saksframlegget. 

Kultur

For å stimulerer til sysselsetting og framleis verdiskaping i Møre og Romsdal, tilrår fylkeskommunedirektøren følgande tiltak på kulturfeltet. Desse tiltaka kan ha positiv verknad for verft, handverksbedrifter, forskingsmiljø, kultur- og opplevingsbedrifter og for kunstnarane i Møre og Romsdal.

Gjennom denne ordninga ønskjer vi å stimulere til at det blir produsert og formidla kunst og kultur digitalt i Møre og Romsdal.

Ved innføring av det nasjonale forbodet mot kultur- og idrettsarrangementet, mista kunst- og kulturformidlarar i Møre og Romsdal inntektsgrunnlaget sitt. Dette råka også  heile verdikjeda til kulturfeltet. Samtidig ser vi betydinga kunst og kultur har no, og korleis kulturfeltet tek i bruk nye digitale arenaer for å gje oss eit tilbod no når vi ikkje kan samlast til konsertar, kunstutstillingar, teater, mm.

Dei som kan søke på ordninga er kunstnarar, arrangørar og formidlingsarenaer i Møre og Romsdal, og profesjonelle leverandørar av teknikk- og lydtenester.

Det blir arbeidd med å skaffe ein førebels oversikt over konsekvensen koronapandemien har fått for kulturfeltet. Midlane er tenkt brukt til å kompenserer manglande nasjonale tiltak og/eller til å styrke nasjonale tiltak. Aktuelle område er mellom anna ​​​​​​:

  • Kompensasjons- og/eller stipendordningar til aktørar i kulturfeltet som får bortfall av inntekter, t.d. billettinntekter. Dette gjeld både institusjonar, festivalar og andre aktørar i feltet. Både dei som allereie har driftstilskot frå fylkeskommunen, og dei som ikkje har ei slik støtte.  
  • Rehabilitering av historiske fartøy og bygningar av regional verdi
  • Skjøtsel av friluftsområde, kulturminne og verdsarvområde 
  • Kompetansehevande tiltak for aktørar innan kulturelle og kreative næringar, inkl.  produktutvikling 
  • Kjøp av forskingsoppdrag på temaet folkehelse, for å styrke kommunane sitt kunnskapsgrunnlag for arbeid på fagfeltet 

Eit levande kunst-, kultur- og idrettsliv er viktig for lokalsamfunna og innbyggjarane i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å støtte opp om og medverke til at kultur- og fritidsaktivitet kan takast opp att og gjennomførast når forbodet mot kultur- og idrettsarrangement blir oppheva.

Utfordringane gjeld alle område innanfor kunst, kultur, idrett, friluftsliv og folkehelse.

Alle aktørar som har fått tildelt driftstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune for 2020, vil få utbetalt tilskotet i tråd med vedtak gjort av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i februar og mars 2020. Det blir ingen avkortingar i driftstilskotet for 2020. Fylkeskommunen føreset at det det blir gjort nødvendige tiltak for å avgrense kostnadane i drifta.
Ca 75 mill. kroner.

Fylkeskommunen vil ikkje krevje tilbake tildelte midlar som er brukt til å planlegge prosjekt og arrangement som blir avlyst som følgje av koronaepidemien. Fylkeskommunen føreset at det det blir gjort nødvendige tiltak for å avgrense kostnadane, og at kostnadane kan dokumenterast.

Fylkeskommunen vil innvilge utsetting av prosjekt og arrangement, etter avtale med den enkelte tilskotsmottakar. Vi føresett informasjon om tentativ ny gjennomføringsperiode.

Dette gjeld så lenge forbodet om kultur- og idrettsarrangement er gjeldande.

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet blir tildelt av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i juni 2020. Det vil vere mogleg å be om utbetaling av tildelt tilskot når vedtak er gjort av utvalet.

I 2019 fekk fylkeskommunen 84 mill. kroner til fordeling til slike anlegg. Samla godkjent søknadssum var 379 mill. kroner, og godkjent samla anleggskostnader var 1,9 mrd. kr. Å legge til rette for utbetaling av spelemidlane rett etter vedtak, kan bidra til at søkjarane kjem tidlegare i gang med sine prosjekt med dei ringverknader dette også har for dei næringane som leverer tenester til desse prosjekta.

Idrettsstipenda og kunstnarstipenda vil bli tildelt i juni 2020, som planlagt. 

Informasjon om tilskotsordningar og kontaktpersonar for rettleiing innanfor dei ulike fagfelta finn de mrfylke.no.  

Behandling av søknader og utbetaling av tilskot går som normalt og etter oppsett plan.
​​​​​

 

Snarvegar