Volda: FRAM endrar køyretrase – ingen ruter via Alida

Fylkesvegavdelinga har gjort ei vurdering av skredrisikoen langs fylkesveg 5896 mellom Berknes og Mork, og med grunnlag i vurderinga blir køyreruta for buss endra. Frå måndag 26. oktober vil ikkje skole- eller rutebussane lenger køyre den skredutsette strekninga. 

Skriv ut

- Fylkeskommunen tok bekymringsmeldingane frå foreldre og Volda kommune om farleg skoleveg på alvor og har raskt fått utført ei undersøking av skredrisikoen på den aktuelle vegstrekninga, seier Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Når konklusjonen er så klar som den er, vil FRAM endre køyreruta i samsvar med tilrådinga, og slik sørge for sikker busstransport både for skoleelevar og andre reisande, avsluttar Sørheim. 

Det er Fylkesvegavdelinga som har gjort ei vurdering av risiko for skred, og basert på risikovurderinga tilrår Fylkesvegavdelinga at skuleskyssen nyttar den tryggaste ruta via Steinnes og Eiksundsambandet. 

På bakgrunn av tilrådingane frå Fylkesvegavdelinga blir skoleskyssopplegg og ruteoppsett endra frå måndag 26 oktober. Dette betyr at ingen bussavgangar lenger vil gå via Alida. 

Endringane på ettermiddag vil bety: 

  • Skulebussen vil gå frå Mork skule kl. 14.10 via Furene – Steinnes og til Bjerkvika/Lid . 
  • Avgangen med linje 338 Volda-Ulsteinvik kl. 14.10 vil gå via Helgehorntunnelen slik andre avgangar gjer. Elevar og andre reisande til Lid/Berknes vil skifte buss i Furene kl. 14.17 og gå over i skolebussen frå Mork skole, som køyrer via Steinnes. 
  • Det vil ikkje lenger vere drosje til Ytrestøylen frå Furene kl. 14.17. Reisande må ta rutebussen og gå av ved Hovdevatnet. 
  • Det vert kl. 14.17 Furene - Håskjold – Eikrem 
  • Drosje Bjerkvika – Eidheim blir utsett til kl. 14.40. 
  • Alle skoleskyss frå vidaregåande skule går allereie via Steinnes, noko som vil fortsette. 

Kontakt