Vil teste taredyrking

Møre og Romsdal har havområde som potensielt er eigna for storskala dyrking av tare. På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal Sintef no teste ut taredyrking

Skriv ut

Sintef skal sette ut to riggar; ein ved Orstranda og ein ved Klovningen i Kristiansund, for å finne ut kvar taren vekst best. Dette vil igjen peike ut kurs for storskala dyrking. Førstkomande fredag og måndag skal Abyss AS sette ut anlegga, og Sintef skal legge ut kimplantane. 

Sintef har tidlegare, på oppdrag frå fylkeskommunen, utarbeidd ein rapport som viser at det er gode dyrkningsforhold utanfor kysten vår. 

Kontakt