Vil ha oppstart av Stad skipstunnel i 2021

- Møre og Romsdal fylkeskommune forventar at Stad skipstunnel får oppstartsløyve neste år, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve (AP)  og leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim (SP).

Skriv ut

Torsdag 14. mai behandla fylkesutvalet Møre og Romsdal sine prioriteringar i Nasjonalt transportplan.

- Fylkesutvalet har gitt si innstilling til ny Nasjonal transportplan, og prioriterer oppstart av Stad skipstunnel som det eine, store viktige investeringsprosjektet innanfor sjøtransport, seier Torve.

Stad skipstunnel er fullfinansiert i gjeldande NTP, og Stortinget har vedtatt byggestart i inneverande stortingsperiode (2017-2021).

- Fylkesutvalet føreset naturlegvis at Stortinget følger opp dette og gir oppstartsløyving i 2021 og fullfinansiering i påfølgande år. Statsbudsjettet for 2021 er siste sjanse til å innfri dette løftet frå Regjeringa og Stortinget. Verdas første skipstunnel kan då opnast i 2025.

Stad skipstunnel er eit svært viktig og høgt prioritert prosjekt for Møre og Romsdal fylke, både for gods- og persontransport.

- For reiselivet vil tunnelen også bety eit stort løft og opne nye moglegheiter for Vestlandet. Dessutan er det eit viktig prosjekt for trafikktryggleik og beredskap, seier Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet.

- Prosjektet vil bidra til sysselsetting og verdiskaping både i byggefasen og etterpå, og er klart til oppstart. Dermed vil det vere særleg godt eigna også som eit motkonjunkturtiltak i to fylke som er hardt ramma av tiltak mot Covid 19,  seier Sørheim.

Kontakt