Vil ha heilskap i Nasjonal transportplan

- Nasjonal transportplan må vere ei transportplan for all infrastrukturen, ikkje berre staten sine ansvarsområde, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik i samband med tilrådinga til prioriteringar i fylkeskommunen sitt innspel til Nasjonal transportplan 2022-2033.

Skriv ut

- Verdiskapinga skjer i heile fylket vårt, ikkje berre langs riksvegane. Det er viktig at næringstransporten og andre som ferdast på vegane opplever eit heilskapleg vegnett, uavhengig av kven som eig vegen, seier han.

Møre og Romsdal fylkeskommune sine innspel blir ein del av den vidare handsaminga i Samferdselsdepartementet. Det er Stortinget som vedtek nasjonal  transportplan.

Fylkeskommunedirektøren tilrår desse prioriteringane:

  • Redusere forfallet og fornye eksisterande infrastruktur innan både staten og fylkeskommunen sine ansvarsområde.
  • Smart Lab for teknologiutvikling i transportsektoren i Møre og Romsdal, finansiert gjennom Nasjonal transportplan, slik at fylkeskommunane har like moglegheiter som staten til å ta del i denne utviklinga.
  • Utbetring av E136 frå Ålesund til Innlandet grense, som sikrar framkome for næringslivet.
  • Vegprosjekta som gir raskare og betre tilgjenge til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.
  • Byane er viktige for å oppretthalde og styrke attraktiviteten til Møre og Romsdal. Bypakkar og byvekstavtale er høgt prioritert. Dei gjer byane betre å bu i gjennom at fleire kan gå, sykle og reise kollektivt.
  • Elektrifisering av Raumabanen for å redusere klimagassutsleppa og sikre stabilitet for gods- og persontransporten.
  • Prosjekt som bidreg til samanhengande utbygging av lengre strekningar, som til dømes rv. 70 Meisingset-Ålvundfossen
  • Sikre utbygging av elektrisk kommunikasjon, inkludert straumnettet, for å sikre industrien og innbyggarane i Møre og Romsdal god nok kapasitet.
  • Stadt skipstunnel, som er viktig for skipsfarten nasjonalt og til/frå Møre og Romsdal.

Kriterium frå Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet legg vekt på samfunnsøkonomi, kostnadseffektivitet, ny teknologi, nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken og nasjonale klima- og miljømål i si vurdering av innspela til nasjonal transportplan. Fylkeskommunedirektøren har fått bistand frå Møreforsking til å utarbeide metoden som er brukt for å rangere og vurdere prosjekt etter desse kriteria. Fylkeskommunen har også hatt dialog med kommunane, regionråda og andre organisasjonar for å få forslag til prioriteringar.

Slik blir den politiske behandlinga

Heile saksgrunnlaget er no langt ut på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider. Fylkespolitikarane skal behandle fylkeskommunedirektøren si tilråding i samferdselsutvalet 6. mai, fylkesutvalet 14. mai og endeleg i fylkestinget 15. og 16. juni.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal også gi innspel til transportetatane sine prioriteringar innan 1. juli i år. Desse innspela blir handsama i samferdselsutvalet og fylkesutvalet i juni.

Stortingsmeldinga om nasjonal transportplan blir lagt fram i 2021.

Kontakt