Vil ha fortgang i hydrogen-produksjon

Fylkeskommunen ønskjer å få på plass ei hydrogen verdikjede i fylket og ber bedriftene om å vere med.

Skriv ut

Hydrogen som energiberar har fått auka merksemd dei siste åra, og denne veka lanserte regjeringa hydrogenstrategien for Noreg. Møre og Romsdal fylkeskommune ser eit stort potensial for både produksjon og bruk av hydrogen her i fylket. Fleire utgreiingar er gjort, og no er tida inne for å få på plass eit fysisk anlegg.

-Møre og Romsdal kan ta ein posisjon i utviklinga av hydrogen. Fleire aktørar står klare til å starte fornybar produksjon av hydrogen så snart regelverk, brukarar og finansiering er på plass. Dette kan bety både grøn verdiskaping og grøne arbeidsplassar, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Møre og Romsdal har på sikt også moglegheit til storskala hydrogenproduksjon frå reformering av naturgass med CO2 fangst.

-Vårt klare fortrinn i fylket er den maritime og den marine næringa, og begge desse sektorane kan ta i bruk hydrogen, seier Landstad.

Ønskjer svar frå bedrifter

Fylkeskommunen har undersøkt moglegheiter for hydrogenproduksjon og -bruk, og gjort ei utgreiing om plassering av energistasjonar. Rapportane finn de her. Neste fase er å få i gang eit fysisk anlegg. Det er gått ut ei spørreundersøking til over 600 utvalde bedrifter i fylket om moglegheitene for ei hydrogen verdikjede.

-Til no har vi fått inn 60 svar, men vi ønskjer og håpar på langt fleire, seier prosjektleiar og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lina Vassdal. Ho oppmodar alle som har fått undersøkinga til å svare. 

-Er det nokon som ikkje har fått invitasjon om å delta i spørreundersøkinga, men som ønskjer å delta, så ta kontakt med fylkeskommunen

Kontakt