-Viktig å realisere Sceneparken i Fosnavåg no

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver inntil 2 683 000 kroner til Herøy kommune for opparbeiding av Sceneparken i Fosnavåg sentrum.

Skriv ut

Herøy kommune har søkt om støtte til etablering av ein lokal kulturarena med tilhøyrande parkområde i Fosnavåg sentrum. Dette er ei forlenging av prosjekt «Solparken», som fekk fylkeskommunal støtte i 2018. Prosjektet stoppa opp på grunn av for stort sprik mellom kostnadsoverslag og pristilbod. No er prosjektet justert, og nytt kostnadsoverslag ligg føre.

-Om utforming og innhald har endra seg sidan 2018, så er målet framleis det same; å etablere det viktigaste sentrale byrommet i Fosnavåg, med kvalitetar som kjem innbyggjarar, besøkjande og næringsliv til gode, seier leiar av kultur-, næring og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter.

-Og kanskje er det først no, med koronapandemien, vi ser kor viktig dei nære og daglege omgjevnadene våre er. Vi meiner derfor det er viktig at Sceneparken blir realisert no, seier ho.

Tildelinga utgjer 33,3 % av totale kostnadar, og blir gitt på vilkår av fullfinansiering. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet behandla saka i møte 5. mai 2020. 

Du kan lese heile saka her.

Marit Nerås Krogsæter, Leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet (Sp), tlf: 918 32 844

Kontakt