Vestnes og Valldal får støtte til å utvikle sentrum

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal løyver inntil 1,4 mill. kroner til Vestnes kommune, og 2,03 mill. kroner til Fjord kommune til ulike tiltak i sentrum.

Skriv ut

Vestnes ønskjer å fullføre Sjøfronten 3, og Fjord kommune får støtte til å prosjektere oppgraderinga av torget i Valldal. Begge sakene vart behandla i kultur, næring og folkehelseutvalet tysdag 1. september.

Levande kommunesentrum 

-I Vestnes ligg tyngdepunktet for handel framleis i sentrum, noko som er eit resultat av at kommunen har jobba langsiktig og målretta med tettstadutvikling, seier utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter.

Saman med Vestnes kommune og Vestnes næringsforum vil Møre og Romsdal fylkeskommune vere med å finansiere ein prosjektleiar som skal sørge for framdrift i sentrumsarbeidet og i dei ulike delprosjekta.

- Samarbeid mellom offentlege og private aktørar er essensielt for å lukkast med sentrumsutvikling. Det er difor gledeleg at Vestnes Næringsforum tek ei aktiv rolle i dette arbeidet, seier ho.

Trivelegare og tryggare i Valldal sentrum

Fjord kommune får støtte til prosjektering og opparbeiding av Syltetorget og Kaifronten. Prosjektet er del av ein langsiktig plan Valldal sentrum og blir finansiert i eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og lokale sponsorar.

-Både innbyggarar og næringsliv har lenge ønska eit tryggare og trivelegare torgområde i sentrum av Valldal, og vi gler oss til å følgje utviklinga, seier Krogsæter.

Du finn begge sakene her

 

Kontakt