Vestlandsrådet: – Vi treng ei leveleg ferjefinansiering

– Fylkeskommunane ønsker å levere på Stortinget sitt ønske om utsleppsfrie ferjer, men då må løyvingane stå i stil med det ei slik satsing faktisk kostar. Det finn vi ikkje bevis på i dette statsbudsjettet heller, er meldinga frå fylkesordførarane i Vestlandsrådet.

Skriv ut

– Tidlegare Hordaland fylkeskommune hadde åleine 300 millionar kroner i auka driftskostnader då ein gjekk over til utsleppsfrie ferjer. I sommar fekk ferjefylka 150 millionar, men på deling. Det hjelper, men det står ikkje i forhold til dei faktiske kostnadane, seier Jon Askeland, som er fylkesordførar i Vestland. 

Han legg til:
– Det er eit grunnleggande misforhold som må rettast opp i: Dei auka kostnadane forsvinn ikkje frå rekneskapen av seg sjølv, for vi veit at utsleppsfrie ferjer vil koste oss om lag det same kvart år framover. Då må også statsbudsjettet ta inn over seg at ein eingongssum ikkje løyser problemet. 

Smertefulle salderingar

Askeland får støtte av Marianne Chesak, som er fylkesordførar i Rogaland. Ho er heilt klar på at fylka deler synet til Stortinget på kor viktig det er å gjere ferjene utsleppsfrie.
– Det er fylkeskommunane som er staten si forlenga hand for å få dette til – og vi ønsker å vere med. Men når dette vert underfinansiert slik som no, vert resultatet høgare prisar eller at det må gjerast smertefulle kutt andre stader for å saldere budsjetta våre. Og det merkast, med dei summane det er tale om her. Med regjeringa si innføring av det såkalla kystlinjeprinsippet, er Rogaland fylkeskommune no i ein situasjon kor båtrutene i fylket er underfinansiert med 90 millionar kroner. Vi har brukt oppsparte midlar for å halda hurtigbåttilbodet ved lag i fylket, seier Chesak.

Vil unngå ferjeopprør

På grunn av dei auka utgiftene, er det mange stader tvinga seg fram høgare billettprisar. Det skaper heilt naturlege reaksjonar.

– I Møre og Romsdal har vi også måtte sette opp takstane, og konsekvensane for bu- og arbeidsmarknadane kan verte store. Vi har sett fleire historier i media om personar som må seie opp jobben eller flytte som ein konsekvens av takstane. Det gjer inntrykk, og for små lokalsamfunn kan slikt verte kritisk. Då kan resultatet bli eit nytt og endå større ferjeopprør, seier Tove-Lise Torve, som er fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Dei tre fylkesordførarane forventar at forhandlingane om statsbudsjettet endar opp med ei ferjekompensasjonsordning som gjer at fylkeskommunane får sjansen til å levere eit ferjetilbod som er i tråd med det både fylka og staten vil ha.

Kontaktinformasjon:

  • Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland -  47 45 97 20
  • Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland - 905 69 001
  • Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal - 94 16 51 75

Vestlandsrådet

Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Kontakt