Vegar kan bli stengde på kort varsel

Dersom det blir snøvêr heilt ned i 400-600 meters høgde slik det er meldt, kan både Trollstigen og Geiranger-Langvatn bli stengde på kort varsel.

Skriv ut

- Det høgste punkt på Trollstigen er 852 meter over havet, og på strekninga Geiranger-Langvatn er vi over 1.000 meter over havet. Om det kjem snø som legg seg på vegane, kan dei bli stengde på kort varsel. Folk som planlegg å køyre her må sjekke vegmeldingane og vere førebudde på at vegen kan bli stengt, seier byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Det er meldt fare for snø ned til 400-600 meter i indre strøk av Møre og Romsdal. Trafikantar som planlegg å køyre i høgda, bør forsikre seg om at dei er skodde etter føret og tilpasse farta etter forholda.

Begge vegane blir normalt stengde for vinteren i november/desember. 

Trafikkmeldingar og webkamera frå vegane finst på www.175.no.

Snarvegar

Kontakt