Vedlikehald av skolebygga gir oppdrag til lokalt næringsliv

No startar fylkeskommunen opp eit omfattande vedlikehaldsarbeid på dei vidaregåande skolane i fylket for å stimulere til næringsaktivitet i koronasituasjonen.  Det er sett av 15 mill. til 70 ulike jobbar som vil bli lyst ut på anbod fortløpande. I tillegg skal det brukast 35 mill. kr til større prosjekt. Først ut er tømrararbeid på Atlanten vgs.

Skriv ut

- Vi har eit veldig stort etterslep og behov for vedlikehald på skolane våre, og det er svært gledeleg at vi no får eit samla løft, seier bygg og eigedomssjef Per Olaf Skuseth Brækkan i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Lokale oppdrag

Dei ulike tiltakspakkane gjeld vedlikehaldsetterslep og reparasjonsarbeid innan til dømes elektro, malar, tømrar og ventilasjon, på totalt ti ulike fagområde. Tiltaka vil først og fremst vere retta mot mindre lokale entreprenør- og leverandørfirma.

- Det er også positivt at vi med desse pakkane får rask start på oppdrag til bransjen over heile fylket. På denne kjem vedlikehaldspakkane næringslivet og samfunnslivet sine utfordringar i møte, seier Brækkan.

Den første jobben som er lyst ut er tømrararbeid på Atlanten vgs, neste utlysing gjeld malararbeid på Gjermundnes vgs på Vestnes.

Dobbelt opp til vedlikehald

I tillegg til dei 15 mill. kr til dei 70 tiltakspakkane, er det sett av 35 mill. kroner til større vedlikehaldsprosjekt på nokre av dei vidaregåande skolane. Gjennom rammeavtalar kan det bli bestilt større vedlikehald- og ombyggingsprosjekt i størrelsen 3-10 mill. kroner. Dette gjeld vedlikehaldsetterslep og nødvendig ombygging/opprusting av undervisningslokale på skolane. Eksempel på dette kan vere fasaderehabilitering, utskifting ventilasjon og nye realfagsrom.

- Totalt vert det 50 mill. kr til vedlikehald av skolebygga, noko som er nær det dobbelte av kva vi brukar på vedlikehald på eit normalt år, seier Brækkan.

Vil forsere utviklingstiltak

I alt har fylkestinget vedtatt å sette i gang tiltak for totalt 175 mill. kroner innan samferdsel, bygningsvedlikehald, næringsutvikling og kultur. Fylkeskommunen har løyvd ekstraordinære midlar og vil forsere utviklingstiltak på ei rekke område.

Kontakt