Uttale: Fylkesutvalet vil ha meir pengar til maritim næring

29. mai la regjeringa fram eit forslag om krisepakke på 684 mill. kroner til maritim næring, fordelt på fire år. Fylkesutvalet meiner at forslaget ikkje held mål og at dette er langt mindre enn forventa.

Skriv ut

Fylkeskommunedirektøren er bekymra for næringslivet i fylket som følge av krisa som har oppstått i forbindelse med koronaepidemien. Særleg den maritime næringa vil ha store utfordringar med å kome gjennom dette utan store og målretta tiltak frå myndigheitene.

På bakgrunn av dette gav fylkesutvalet den 2. juni ein uttale om regjeringa sitt forslag til krisepakke:

  1. Møre og Romsdal fylkeskommune viser til uttale frå eit samrøystes fylkesutval 14.05.2020, som uttrykte si store bekymring for den maritime industrien i fylket. Maritim næring har ein sentral posisjon og stor betyding for verdiskaping, arbeidsplassar og busetting i fylket, og kompetansen som er utvikla i denne næringa er også ein særs viktig del av løysinga når Norge skal gjennom det grøne skiftet. 
  2. Møre og Romsdal fylkeskommune registrerer at maritim næring er svært skuffa over krisepakke 3, og ser at det no hastar med kraftfulle tiltak særleg  retta mot verftsindustrien. Verfta våre står i ei særstilling. Dei sysselset mykje folk og skapar aktivitet også i leverandørindustrien, og ringverknadene frå aktiviteten deira er store i samfunna våre. Verfta har vore gjennom tunge omstillingar dei seinare åra, og for mange av dei har dette ført til betydelege underskot og tært kraftig på eigenkapitalen. 
  3. Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare, etter dialog med næringsaktørane, fremma forslag om fleire tiltak mot maritim næring på kort og lang sikt. I krisepakke 3, lagt fram av regjeringa 29.05.2020, kan vi ikkje sjå at dette er teke omsyn til i vesentleg grad. Møre og Romsdal fylkeskommune vil særleg peike på forslaget om å forskottere skatteeffekten av underskota for åra etter oljekrisa (f.o.m. 2015), som eit godt og treffsikkert tiltak for å betre likviditet og handlingsrom for verfta. 
  4. Vidare meiner Møre og Romsdal fylkeskommune at det må leggast til rette for ny aktivitet i verfta, og dermed i heile maritim næring. Vi har tidlegare peika på at allereie planlagde nybyggingsprosjekt innanfor t.d. forsvaret, kystflåten og ferjeflåten blir sett i gang så fort som råd. Det har vore gitt støtte til m.a. utvikling av nye, klimavennlege framdriftsløysingar. No må det leggast til rette for at fleire konkrete prosjekt kan gjennomførast, gjennom eit innkjøpsprogram med betydeleg flåtefornying dei kommande åra. 
  5. Møre og Romsdal fylkeskommune erfarer at ein i maritim næring, om forholda blir lagt til rette for det, har både vilje og evne til vidare innovasjon og utvikling av verksemdene sine. Dette er i seg sjølv ein kapital som det må takast vare på. Difor må det leggast til rette for at kompetansen i bedriftene kan oppretthaldast og utviklast, først og fremst ved at nye skip kan byggast i Norge. Det må stillast krav til desse skipa slik at nye løysingar kan utviklast og leverast, og på denne måten bidra inn i det grøne skiftet. For at dei nye løysingane skal vere konkurransedyktige, også internasjonalt, må det satsast meir på standardisering, eksempelvis når det gjeld batteri- og ladeteknologi.
  6. Møre og Romsdal fylkeskommune vil peike på tre konkrete forslag som kan vedtakast no og raskt vil bidra positivt for industrien: 1. Endring i permitteringsreglane – utviding frå 26 til 52 veker og større fleksibilitet for delvis permittering. 2. Gjennomføre pilotprosjekt med auka støtte frå forskings- og innovasjonsmidlar. 3. Legge til rette for anbod som sikrar norsk industri
  7. Møre og Romsdal fylkeskommune vil igjen minne om den sentrale plassen som maritim næring har i Norge når det gjeld realiseringa av regjeringa sin havstrategi. Fylkeskommunen føreset at ein kjem tilbake med forslag om meir kraftfulle tiltak mot verftsindustrien for å sikre både overleving, vidare utvikling og viktige bidrag retta mot det grøne skiftet. Dette må også bli eit sentralt tema i samband med statsbudsjettet for 2021.

Kontakt