Utfordringane i eksportindustrien krev tiltak

På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune har Møreforsking Molde analysert situasjonen for eksportretta næringsliv i fylket. Gjennomgangen viser at næringslivet er hardt ramma av koronakrisa, og situasjonen er forskjellig for dei ulike bransjane.

Skriv ut

–Den endelege rapporten stadfester dei indikasjonane vi fekk etter spørjeundersøkinga Møreforsking gjorde for oss før påske. Situasjonen er alvorleg for det eksportretta næringslivet, og vi er svært uroa for dei langsiktige verknadane av dette. Det er klart at dette krev gjennomgripande tiltak, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Passar ikkje behova

Store, generelle tiltakspakkar mot næringslivet er lansert. Møreforsking sin analyse viser at få av dei mindre bedriftene kjenner godt til desse tiltaka, og om lag halvparten av alle bedriftene meiner at tiltaka i liten grad er tilpassa deira behov. Det er særleg bedrifter med meir enn 50% eksport som meiner pakkane ikkje treff dei godt nok, og dette understrekar behovet for treffsikre tiltakspakkar mot eksportnæringane.

–Særleg maritim- og offshorenæringane slit med sviktande inntening og aukande gjeldsgrad, og det er klart at desse bedriftene treng nok anna enn tilbod om meir lån. Skal vi kunne utnytte den kompetansen som havnæringane sit på i ei grøn og berekraftig omstilling, så hastar det med å gi desse næringane nye oppdrag, seier Landstad.

Kristisk for eksportnæringa

Reiselivsbransjen har det største omsetningsfallet på kort sikt, og for nokre av bedriftene er det fare for redusert aktivitet i fleire år framover. I møbelbransjen har det også vore ein stor nedgang. Den største utfordringa på kort sikt for mange bedrifter blir då likviditet.

–Møre og Romsdal er eit av Norges viktigaste eksportfylke, og heile vår næringsstruktur er bygd rundt eksportnæringane våre. Analysen frå Møreforsking stadfester at det må settast inn tiltak for å hindre at sentrale bedrifter går over ende, og at dei viktige verdikjedene rundt dei får alvorlege skadar. I Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider vi kvar dag for å medverke til dette, vi arbeider også saman med det regionale partnarskapet for å få fram gode nasjonale tiltak for eksportindustrien vår, seier Bergljot Landstad.

Heile rapporten frå Møreforsking Molde kan du lese her:

Uttale frå Partnarskapet for kompetanse og verdiskaping i Møre og Romsdal kan du lese her:

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt