Tre nye rektorar er tilsett i fylkeskommunen

Helene Hanken (49) er tilsett som rektor ved Fagskolen i Møre og Romsdal,  Ester Sørdal Klungre som rektor ved Herøy vidaregåande skule og Leif Magne Lervik blir ny rektor ved Molde videregående skole. 

Skriv ut

Helene Hanken (49) har takka ja til stillinga som rektor ved Fagskolen i Møre og Romsdal.

- Eg gler meg til å få vere med på å slå saman og leie Fagskolen i Møre og Romsdal i samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer og studentar, fortel Hanken.

Hanken har gjennom mange år arbeidd som lærar i realfag på forskjellige vidaregåande skolar og har mellom anna vore engasjert som nettverksleiar for realfagsnettverket i fylket i meir enn ti år. Frå 2012 har ho vore avdelingsleiar og assisterande rektor ved Spjelkavik videregående skole. Helene Hanken er konstituert i stillinga som rektor ved Fagskolen i Ålesund fram til ho startar i stilling som rektor ved Fagskolen i Møre og Romsdal frå 01.08.20.

Hanken er Cand. Scient i Oseanografi med geofag, matematikk og fysikk i fagkretsen. Ho har i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning og leiarutdanning.

- Det er svært spennande å få vere med å utvikle ein samla fagskole i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi skal bygge på det beste og utvikle oss i samhandling med lokalsamfunna og næringa i Møre og Romsdal. Målet er å utvikle studentane til framtidas høgkompetente fagfolk, seier Hanken.

Ein fagskole

Fylkestinget gjorde i desember 2019 vedtak om å samle dei to fagskolane i Møre og Romsdal fylkeskommune til ein skole med ein rektor. Fagskolen i Møre og Romsdal skal ha ein lokasjon i Kristiansund og ein i Ålesund.

Fagskolen tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning innan ulike område:

  • Bygg og anlegg
  • Automasjon
  • Elkraft og maskonteknikk
  • Dekks- og maskinoffiser
  • Helse og sosialfag
  • Kjemi
  • Petroleumsteknologi (boring og havbotninstallasjonar)

Inneverande år er det nesten 400 studentar til saman på dei to lokasjonane. Fagskolen i Møre og Romsdal har 52 tilsette fordelt på 48 årsverk.

Klungre er ny rektor ved Herøy vidaregåande skule

Ester Sørdal Klungre (58) har takka ja til stillinga som rektor ved Herøy vidaregåande skule.

- Eg er audmjuk og glad for å ha fått jobben. Det skal bli spennande å samarbeide vidare med engasjerte og kompetente kollegaer på Herøy vidaregåande skule, der elevane står i sentrum for fagleg og personleg utvikling, fortel Klungre.

Klungre har vore tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune frå 1984, først i undervisningsstilling og som rådgivar og OT-koordinator. Frå 2010 har ho hatt forskjellige leiarstillingar på Herøy vidaregåande skule. Klungre har vore konstituert i stilling som rektor ved skulen frå desember 2018. Ho kjenner skulen godt og ser fram til å fortsette arbeidet som rektor.

- Vi skal halde fram med å utvikle skulen til ein viktig aktør i det å utdanne til rett kompetanse som regionen treng. Derfor vil samarbeid med lokalt næringsliv vere viktig. Vi har eit godt utgangspunkt for å verte endå betre både når det gjeld læring og resultat. Elevane våre trivast godt og kollegiet har eit stort engasjement både når det gjeld faga sine og den einskilde eleven sine målsetjingar. Å løyse oppgåvene saman vert viktig framover, seier Klungre.

Ester Sørdal Klungre har lærarutdanning og vidareutdanning i nordisk, engelsk, spesialpedagogikk, karriererettleiing, leiing og personalutvikling.

Lervik er ny rektor ved Molde videregående skole

Leif Magne Lervik (53) har takka ja til stilling som rektor ved Molde videregående skole.

- Eg er svært glad for å ha fått jobben, og gler meg enormt til å få arbeide saman med alle dei engasjerte kollegaene ved skolen, for ikkje å snakke om elevane våre. Det er dei skolen handlar om, fortel Lervik.

Lervik har vore tilsett ved Molde videregående skole frå 2011 og blei avdelingsleiar i 2015. Tidlegare har han hatt forskjellige stillingar i universitets- og høgskolesektoren og forlagsbransjen og han har vore tilsett i Forsvarsdepartementet.

Han kjenner skolen godt, og har klare tankar for vegen vidare:

-Elevane sitt læringsutbyte og trivsel er det viktigaste. For å bli enda betre må vi m.a. styrke det gode og systematiske samarbeidet vårt, både i fag og om elevane våre. Saman med alle dei gode kollegaene mine veit eg at vi skal få dette til, seier Lervik.

Leif Magne Lervik er lektor med engelsk og statsvitenskap i fagkretsen og har vidareutdanning innan skoleleiing. Han startar opp i stillinga som rektor 01.07.20.

Kontakt