Tove-Lise Torve er valt til ny fylkesordførar

Undre konstitueringa av nytt fylkesting måndag, vart Tove –Lise Torve (Ap) valt til ny fylkesordførar for Møre og Romsdal. Ho blir den nye leiaren for fylkesutvalet og fylkestinget.

Skriv ut

Torve kjem frå Sunndalsøra og er utdanna sjukepleiar. Ho har vore ordførar i Sunndal kommune, og frå 2009-2013 møtte ho fast på Stortinget. Frå 2013 har ho møtt som vara.  Den siste fire åra har ho vore gruppeleiar for Arbeiderpartiet i fylkestinget.

Per Vidar Kjølmoen (Ap) frå Rauma er valt til fylkesvaraordførar.

Det nye fylkesutvalet har 13 medlemmar:


Tove-Lise Torve, Ap fylkesordførar
Per Vidar Kjølmoen, Ap, fylkesvaraordførar
Yvonne Wold, SV
Carl Johansen, MDG
Kristin Marie Sørheim, Sp
Jan Ove Tryggestad, Sp
Randi Walderhaug Frisvoll, KrF
Pål Farstad, V
Frank Edvard Sve, FrP
Anne Marie Fiksdal, FrP
Geir Asle Stenseth, FrP
Anders Riise, H
Monica Molvær, H

Fylkesutvalet er arbeidsutvalet til fylkestinget og blir leia av fylkesordføraren. Fylkesutvalet forbereder sakene for behandling i fylkestinget.

Det nye kontrollutvalet har desse medlemmane:

Terje Hals, NML, leiar
Elise Fiske, H, nestleiar
Gunhild Meringdal, FrP
Mellvin Arvid Steinsvoll, Ap
Maritta B. Ohrstrand, Sp

Kontakt