Tilrår 1,7 millionar kroner i tilskot til nytt regionalt klatresenter

Fylkeskommunedirektøren går inn for å løyve 1,7 millionar kroner til eit regionalt klatresenter i Molde. Det nye senteret har mål om å tiltrekke seg både barn og vaksne, erfarne og ikkje-erfarne klatrarar i heile regionen.

Skriv ut

Den nye hallen vil ligge i Høghallen, i Grandfjæra industriområde, og vil romme eit buldreareal på ca. 1 000 m2  og ca. 600 m2 for tauklatring. Takhøgden vil vere på 15 meter. Det er Romsdal Tindegruppe (RTG) som søker om tilskot til eit nytt regionalt klatresenter i Molde.

Nybegynnarar og profesjonelle

RTG ønsker primært å legge til rette for barn og unge i det nye anlegget, men vil også ha tilbod til vaksne, meir erfarne klatrarar og konkurranseutøvarar, med klatreveggar på ulike nivå. Planen er at dagens regioncup skal bli arrangert her, og det blir lagt opp til både nasjonale og internasjonale konkurransar. Hallen vil vere open for både medlemmar og drop-in.

Fyrtårn

RTG har store ambisjonar for det nye anlegget og ønsker at det skal vere eit fyrtårn for klatresporten i Møre og Romsdal. Det nye klatresenteret vil få eit regionalt nedslagsfelt, med medlemmar frå mange kommunar i fylket.

Saka blir behandla i Kultur- , næring- og folkehelseutvalet tysdag 4. februar

Kontakt