Testar modulvogntog på fylkesvegar

Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges Lastebileier-Forbund samarbeidar om prøvekøyring med modulvogntog på fylkesvegar over heile fylket.

Skriv ut

Fylkesvegane kan vere mogleg å opne for modulvogntog, men dei har flaskehalsar, kryss og svingar som blir vurdert som utfordrande for tryggleik og framkomst. I tillegg til å gjere digitale sporingsmålingar er det difor viktig å teste modulvogntoga på vegane for å sjå korleis det fungerer i praksis og kartlegge punkt som treng utbetringar før ein kan opne vegane for modulvogntoga.

Desse fylkesvegane har vorte prøvekøyrt:

  • Fv. 62 Sunndalsøra-Hjelset kryss E39
  • Fv. 662 Molde sentrum-Hollingen
  • Fv. 529 Hollingen-Malmefjorden
  • Fv. 6232 Årødalen-Skaret-Malmedalen
  • Fv. 64 Molde-Kristiansund via Atlanterhavsvegen
  • Fv. 663 Rundkøyring Moa (rundkøyring mot Freneidet)-Elnesvågen
  • Fv. 6072 Bruhagen-kryss Kristvikveien (Averøy)
  • Fv. 653 Kryss E39 Furene-Garnes
  • Fv. 654 Garnes-Fosnavåg
  • Fv. 61 Solevågseidet-Garnes
  • Fv. 5886 Hareid-Hjørungavåg kryss Vågsvegen
  • Fv. 534 Lerstadvegen, Ålesund

Prøvekøyringa på Nordmøre og i Romsdal vart gjennomført med bil og sjåfør frå T. Ottem Transport AS frå Sunndal. Prøvekøyringa på Sunnmøre vart gjennomført med bil og sjåfør frå Vartdal Plast AS frå Ørsta. Det blir prøvekøyring av fleire fylkesvegar i vekene framover som ein del av vurderinga av kva vegar som kan opnast for modulvogntog. Det blir ikkje prøvekøyring av strekningar som kan opnast utan utbetring, som til dømes fv. 65 frå Skei i Surnadal til fylkesgrensa.

Det er veglistene (lenke åpnast i ny fane) som bestemmer kva vekt og dimensjonar på køyretøy som er lov på ulike vegar. Veglistene er forskrifter som Vegdirektoratet er ansvarlege for. Neste rullering av veglistene skjer 1. april 2021.

I ei sak til samferdselsutvalet 3. februar blei det lagt fram ei oversikt over kva fylkesvegar modulvogntog kan bli tillate på frå 1. april og kva vegar som treng nærare vurderingar og utbetring: https://mrfylke.no/politikk/moete-saksframlegg-og-protokoll

Kontakt