Teater og festivalar gir verdiskaping for lokalt næringsliv

Ein ny ringverknadsanalyse viser at Teatret Vårt, Moldejazz, Bjørnsonfestivalen, RaumaRock, Norsk fjellfestival, Terminalen Byscene, Høstscena, Fjord Cadenza-festivalen og Parken kulturhus har store økonomiske gevinstar for regionen.

Skriv ut

Den 10. mars blir ringverknadsanalysen presentert for Kultur-, næring- og folkehelseutvalet. Institusjonane og festivalane som har flest tilsette, som Teatret Vårt,  Parken Kulturhus, Terminalen byscene og Moldejazz, er dei som har størst økonomisk verdiskaping. Mellom anna kan Teatret Vårt vise til ei økonomisk verdiskaping på 14,5 mill. kroner, mens Moldejazz med få tilsette, har ei økonomisk,  verdiskaping på 5,5 mill. kroner.

Nær alle institusjonane og festivalane i analysen får økonomisk støtte frå fylkeskommunen.

- Analysen viser at tildelingane våre både bidrar til eit fundament for dei ulike kunst og kulturaktørane og skaper gode økonomiske ringverknader for andre verksemder i lokalmiljøa. Han viser også at kulturaktørane er sterke drivarar i samfunnsutviklinga, fordi dei fremmer eit stort lokalt engasjement og stor frivillig innsats, seier kulturdirektør HeidiIren Wedlog Olsen.

Kulturkroner gir vekst

Det er Samfunnsøkonomisk analyse, Kunnskapsverket og Østlandsforskning som har gjennomført analysen på oppdrag frå fylkeskommunen. Det vart også gjennomført ein tilsvarande analyse på Nordmøre og Sunnmøre i 2018, der mellom anna Operaen i Kristiansund, Herøy- og Giskespelet vart sett under lupa.

- Analysane peiker på at desse kulturaktørane ikkje berre er viktige kulturberarar i seg sjølve, men dei har ein viktig funksjon som bedrifter i regionen og kommunane der dei er lokalisert. Ved å anerkjenne og bygge infrastruktur rundt desse, bidrar vi til vekst og utvikling både for kulturaktørane og i fylket. Samtidig bør vi først og fremst vurdere og verdsette tilboda desse gir oss ut frå dei kulturelle verdiane dei bidrar med.  

Kjøper lokale varer og tenester

Teatret Vårt, som er den største bedrifta i undersøkinga, får 73 prosent av inntektene frå utanfor regionen. Deira ringverknadar er rekna til 20,6 millionar kroner.

  • Teatret Vårt, som er den største bedrifta i undersøkinga, får 73 prosent av inntektene frå utanfor regionen. Deira ringverknadar er rekna til 20,6 millionar kroner.
  • Moldejazz har ringverknader på omlag 22,5 millionar kroner .
  • Høstscena i Ålesund gjer 49 prosent av innkjøp av lokale varer og tenester hos lokale leverandørar. 50 prosent av inntektene kjem frå utanfor regionen.
  • Bjørnsonfestivalen har 2,4 millionar kroner i ringverknadar. 64 prosent av inntekta kjem frå utanfor regionen. 
  • Norsk fjellfestival: 73 prosent av deira innkjøp blir gjort lokalt. 52 prosent av inntektene kjem frå utanfor regionen, og den årlege ringverknaden er 6,1 millionar kroner i 2018. Norsk fjellfestival kan vise til dei høgaste ringverknadane i forhold til omsetting, noko som skuldast ein høg del tilreisande under festivalen.

Dokumenter

Kontakt