Tar grep for kompensere for læreplassar som forsvann på grunn av koronasituasjonen

For elevar som har problem med å finne læreplass, vil fylkeskommunen vurdere alternativ fagopplæring i Vg3 i skole.

Skriv ut

Per 09.juni var 82 av totalt 2250 lærlingar i fylket permitterte som ein konsekvens av virusutbrotet. Av same grunn er mange bedrifter forsiktige med å ta inn lærlingar til hausten. Situasjonen er særleg kritisk for hotell- og restaurantbransjen.

For å bøte på situasjonen har Utdanningsutvalet nyleg vedtatt at Møre og Romsdal fylkeskommune skal kompensere for læreplassar som forsvinn med å opprette fagopplæring Vg3 i skole, der forholda ligg til rette og i fag med fleire enn sju elevar per klasse. Fylkeskommune vil i tillegg oppfordre lærebedriftene om å skrive intensjonsavtalar med elevane.

- Vi har fått tilbakemelding frå opplæringskontora om at dei fleste av dei permitterte lærlingane vil få starte opp igjen i lærebedrifta, og at dei vil tilsette nye lærlingar i 2020. Men vi må ha ei løysing for dei som ikkje får seg læreplass, seier Bjørnar Loe, seksjonsleiar i fylkeskommunen.

Viktig med læreplass

I dei fleste faga er det to års læretid. Alternativ fagopplæring Vg3 i skole varer 1 –1 ½ år, og elevane er utplassert i bedrifter i store delar av perioden.

- Det er viktig at så mange som mogeleg får seg læreplass, så det er framleis fokus på å skaffe læreplass til desse elevane. Det er ønskeleg at alle som startar på alternativ fagopplæring Vg3 i skole får seg læreplass i løpet av perioden, og i staden kan gå over i ein ordinær lærekontrakt, seier Loe.

Møre og Romsdal fylkeskommune har kommunisert til opplæringskontor og lærebedrifter at dei må strekke seg langt for å unngå at lærlingar blir permittert. Dette har blitt presisert til opplæringskontor og lærebedrifter gjennom perioden.

Kontakt