Sving i Trollstigen har fått namnet til Nikka (103)

- Nikkasvingen er et monument over anleggskokkene sin viktige rolle i store bygg- og anleggsprosjekt i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Det sa fylkesordførar Tove-Lise Torve da Nikoline Myren Grønning avduka skiltet som viser at svingen ved Stigfossen ber namnet hennar, som representant for alle anleggskokkene som arbeidde med bygginga av Trollstigen. Familien til Nikka var også til stades saman med fleire representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som eig vegen. 

Nikka er kjent for heile Norge gjennom mange reportasjar på NRK opp igjennom tidene. Med eit smittande humør har ho vore ein klok og god stemme frå tida som har vore og tida vi lever i no.

Jobba i Trollstigen

På byrjinga av 30-talet jobba ho fleire somrar som anleggskokke under bygginga av Trollstigen. I 2020 er ho truleg den siste som var med i bygginga av Trollstigen som framleis kan fortelje historiene vidare. 

Ærar anleggskokkene

Fleire av svingane i Trollstigen har namn etter basane som var ansvarlege for bygginga, som til dømes Uri Martin-svingen og Langdalssvingen. Svingane blei bygd på byrjinga av 30-talet med muskelkraft før anleggsmaskinene gjorde sitt inntog i vegbygginga.

- Da seier det seg sjølv at anleggskokkene sin innsats var viktig for å få bygd Trollstigen. Når vi leser historiebøkene har dessverre ikkje innsatsen som vart lagt ned fått plassen den fortenar. Derfor er vi veldig glade for at denne svingen skal ha namnet ditt, til ære for deg og dei andre anleggskokkene som var så viktige for at denne spektakulære vegen vart bygd, sa fylkesordføraren. 

Tidene har endra seg

Da Trollstigen blei bygd var anleggskokkene dei einaste kvinnfolka som jobba på anlegget. På dei 84 åra som har gått sidan kong Haakon opna vegen har verda forandra seg mykje, også i vegbygginga.

- I fylkesvegavdelinga er kvar tredje tilsett ei dame. På  Nordøyvegen, eitt av dei største vegprosjekta i Noreg gjennom tidene, er prosjektleiaren og byggeleiarane på dei tre bruene damer. På vegprosjektseksjonen som eg leiar, er damene faktisk i fleirtal. I dag er dette normalen. Det er fortsatt slik at hovudvekta av dei som jobbar som vegarbeidarar er menn. Men det er ingen som reagerer på å møte damer som leiarar i vegprosjekt lenger, fortalte Gitte Beiermann, som leiar vegprosjektseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune under markeringa.

Tove-Lise Torve, Nikka og Gitte Beiermann

Leiar i vegprosjektseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune æra Nikka i Trollstigen. I seksjonen ho er leiar for er fleirtalet av dei tilsette damer. 

bilete av fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen, leiar for vegprosjektseksjonen Gitte Beiermann, Nikka, leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim og fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen, leiar for vegprosjektseksjonen Gitte Beiermann, leiar for samferdselsutvalet Kristin Sørheim og fylkesordførar Tove-Lise Torve var alle med på å heidre Nikka og anleggskokkene i Trollstigen. 

Oldebarnet Nelia saman med Nikka Grønning.

Familien til Nikka var til stades på markeringa. Her er ho saman med oldebarnet Nelia på seks år. (Alle foto: Anne Marit Øksenvåg Johansen)


 

Kontakt