Stoppar manuell billettering på fylkesvegferjene

For å hindre smittespreiing har Møre og Romsdal fylkeskommune bestemt at billettørane ikkje skal ta manuell betaling på fylkesvegferjene fram til og med 22. mars. 

Skriv ut

Det er starta et arbeid for å finne alternative løysingar på billettering med innføring så snart som mogleg. På fylkesvegferjene i Møre og Romsdal er det pr. i dag mest aktuelt med ei løysing med automatisk skiltlesing. 

- Transport er kritisk for at samfunnet vårt skal fungere. Da er det viktig at vi beskyttar dei som jobbar i transportbransjen og at vi ikkje bidreg til å spreie smitte, seier seksjonsleiar Jesper Wiig i Fram.
 

Statens vegvesen har tatt same avgjerd for riksvegferjene.
 

Kontakt