Støttar kompetansetiltak for bedrifter

Fylkeskommunen løyver ÅKP og Mafoss 2,95 mill. kroner til nettbasert kompetanseheving for bedrifter som er hardt ramma av koronasituasjonen.  

Skriv ut

ÅKP (Ålesund Kunnskapspark) og Mafoss (Maritim foreining Søre Sunnmøre)  har kartlagt behova blant medlemsbedriftene både i Mafoss og i klyngene GCE Blue Maritime og Legasea. No vil dei utvikle og tilby ei kursrekke basert på innspela. Prosjektet får støtte frå den fylkeskommunale BIO-ordninga (bedriftsintern opplæring).

-Den maritime næringa har allereie vore gjennom ei periode med krevande omstilling etter oljeprisfallet i 2014. Koronaepidemien rammar derfor ekstra hardt. Opplæring kan bidra til at både enkeltbedrifter og næringslivet generelt kan stille sterkare i sine marknader når aktiviteten tar seg opp igjen, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Kan kurse mange

I søknaden er det tatt høgde for at i alt 510 personar kan delta på kurs. Dei fleste kursa vil ha om lag 10-20 deltakarar. Det er også nokre kurs som vil vere opne for større grupper. Kursa er primært retta mot personar som er permittert, men er også opne for andre. Tema på kursa vil vere strategi og leiing, teknologi, produksjon, nye forretningsmodellar og innovasjon og produktutvikling. Fagleg kursleverandør vil vere NTNU, Zynk, Elle Melle,Marint kompetansesenter, Avento og Smart Construction Academy.

Om lag 50 søknadar om BIO-midlar

Fylkeskommunen lyste ut BIO-midlar før påske. Den eine ordninga, BIO 2, er også open for å tilby opplæring for tilsette i permittering. Til no har det kome inn om lag 50 søknadar til begge desse ordningane, og saksbehandlinga pågår for fullt. 

Les meir om BIO-ordninga her

Kontakt