Stenger alle skolar og tannklinikkar

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren i dag bestemt å stenge dei vidaregåande skolane. Det same gjeld for ordinær drift ved dei offentlege tannklinikkane i fylket. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og gjeld i to veker.

Skriv ut

Legg opp til digital undervisning for elevar

Undervisninga vil frå i morgon av gjennomførast digitalt. Den enkelte skole skal følgje opp og legge til rette for at dette kan gjennomførast. Elevar og tilsette skal i dag ta med bøker og PC heim, slik at dei kan gjennomføre heimeundervisning.

Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.

Når det gjeld elevar med behov tilpassa opplæring, vil det vere tett dialog mellom heim og skole om denne situasjonen. 

Redusert tannhelsetilbod

Dei offentlege tannhelsetenestene vil halde stengt frå i morgon. 
Det blir gitt eit tilbod om akutt tannbehandling (smertefulle betennelsar og alvorlege tannskadar) ved desse beredskapsklinikkane:

  • Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
  • St. Carolus kompetanseklinikk, Molde, tlf. 71 28 46 20
  • Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
  • Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

Det akutte tilbodet gjeld primært for dei pasientgruppene som etter tannhelsetenestelova har rett på gratis tannbehandling. 
Kjente smitteberarar av koronaviruset med/utan symptom, og med behov for akutt tannbehandling, skal ta kontakt med ein av dei fire beredskapsklinikkane per telefon for avklaring av vidare behandling.