Status for utvikling av kommunane i Møre og Romsdal

Kommunestatistikk for 2020 er no publisert. Denne er presentert i form av ein PowerPoint og PDF for kvar kommune, der vi har samla tema som viser utviklinga er på sentrale samfunnsområde.

Skriv ut

Dette omfattar mellom anna tema som folketalsutvikling, utdanningsnivå, næringsstruktur og sysselsetting, utdanning, folkehelse og bustadbygging.

Kommunestatistikk er meint som eit supplement til Fylkesstatistikk. Det er tiande året på rad at Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ein statistikk-presentasjon særleg retta mot kommunane i fylket. 

Målet med kommunestatistikken er å formidle oppdatert og relevant statistikk som kommunane kan nytte i sitt plan- og budsjettarbeid. Vi trur også at kommunestatistikk kan vere nyttig for media, politikarar, studentar og andre som ønsker statistikkar og oppdatert informasjon om dei ulike kommunane i fylket. Kommunestatistikk gir også eigne tilsette kunnskap om kommunane vi møter og samarbeider med. 

Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Snarvegar

Kontakt