Søkjer driftsentreprenørar til fylkesvegar på Sunnmøre

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut to kontraktar på drift- og vedlikehald av til saman 934 kilometer fylkesvegar på Sunnmøre i fem år.

Skriv ut

Fristen for å levere tilbod er 16. april.

Den eine kontrakten er for kommunane Ålesund (delar), Fjord, Sykkylven, Stranda, Ørsta og Volda og dreier seg om drift av 526 km fylkesvegar og anlegga som høyrer til desse. Vegane har ein gjennomsnittleg trafikk frå 5600 køyretøy i døgnet til 10 køyretøy i døgnet. Kontrakten har ein anslått verdi på 350 millionar kroner eks. mva. 

Den andre kontrakten er for kommunane  Ålesund (delar), Sula, Giske og Vestnes og dreier seg om drift av 408 km fylkesvegar og anlegga som høyrer til desse. Vegane har ein gjennomsnittleg trafikk frå 16000 køyretøy i døgnet til 5 køyretøy i døgnet. Kontrakten har ein anslått verdi på 240 millionar kroner eks. mva.

Krav i kontrakten

Den som vinn oppdraget skal gjere drifts- og vedlikehaldsarbeid etter krava som er sett i kontrakten. På vinteren inneber det til dømes brøyting og strøing. På sommaren gjeld det til dømes kantslått, reinsking av grøfter og feiing av vegar. Heile året skal driftsentreprenørane følge med vegar, bruer og tunnelar slik at det skal vere trygt å bruke vegnettet.

Mest brukt, høgast prioritert

- Vegane som blir brukt mest og som har ein viktig funksjon for fylket vårt blir prioritert høgast. Det betyr at brøytebilen og strøbilen køyrer mykje oftare på Lerstadvegen der det køyrer 16000 bilar i døgnet enn på fylkesvegane der det køyrer berre nokre få bilar kvar dag, seier Karl Inge Vestre Hauge i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han er prosjektleiar for drift av vegane på Sunnmøre.

Startar 1. september

Kontrakten har ein varigheit på fem år, med opsjon på eitt år forlenging. Når fristen for å levere tilbod har gått ut skal fylkeskommunen gå igjennom dei for å sjå at entreprenørane sine tilbod fyller krava som er stilt i utlysinga. Så vil entreprenøren som tilfredsstiller krava og har den lågaste prisen bli innstilt til oppdraget. Planen er å signere kontrakt før sommaren. Den nye kontrakten startar 1. september 2020.