Søk midlar til utvikling av landbruket i Møre og Romsdal

Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan no søke midlar til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen tek imot og behandlar søknadar fortløpande.

Skriv ut

Som følge av regionreformen har fylkeskommunen har fått utvida ansvar for gjennomføring av nasjonal landbruks- og matpolitikk.

-I praksis betyr det at vi vil sjå landbruksoppgåvene i samanheng med ansvar og virkemiddel på andre område innan nærings- og samfunnsutvikling. Vi vil kople landbrukspolitikken tettare til øvrig regional innsats for verdiskaping og sysselsetting, seier ass. regional- og næringssjef Eivind Vartdal Ryste. -Fylkeskommunen skal også leie den regionale partnarskapen for landbruksbasert næringsutvikling. Partnarskapen består av Bondelaget, Småbrukarlaget, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

Lyser ut midlar

I siste jordbruksoppgjer vart det sett av midlar til to støtteordningar; regionale tilretteleggingstiltak i landbruket og Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving.-Møre og Romsdal fylkeskommune vil forvalte desse to tilskotsrammene som ei tilskotsordning, under overskrifta «Tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Møre og Romsdal». Ordninga er publisert i søknadsportalen www.regionalforvaltning.no, og fylkeskommunen er klar til å ta imot søknader.

Kva er formålet med ordninga?

Tilskotsordninga skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket.

Kven kan søke om støtte?

Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Føretak kan også søke, dersom tiltaket har som formål å fremme fellesgode knytt til næringsutvikling. Fylkeskommunen kan vere mottakar dersom arbeidet er knytt til kompetanseheving eller etter- og vidareutdanning i landbruket.

Kva kan tilskotet brukast til? 

Vi kan støtte tiltak som legg til rette for utvikling av konvensjonell eller økologisk drift i landbruket, eller til utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Vi kan også støtte tiltak som bidrar til rekruttering til landbruksnæringa og tiltak som styrker rekruttering til landbruksutdanning og kompetanseheving hos næringsutøvarar.

Når er søknadsfristen?

Fylkeskommunen vil ta i mot og behandle søknader fortløpande gjennom året, så langt pengane rekk. Søknader om under 500 000 kroner i tilskot vil kunne bli behandla administrativt, medan større søknader og prinsippielle saker vil bli lagt fram for politisk behandling.

Kontakt