Søk forprosjektmidlar til nye utdanningstilbod

Fylkeskommunen ønskjer å mobilisere arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal til å saman utvikle arbeidslivsretta utdanningstilbod. Vi tek imot søknadar no, søknadsfrist 31. oktober.

Skriv ut

 – Det er svært viktig at utdanningstilboda er tilpassa behova i arbeidslivet, både i privat og offentleg sektor, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad og fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Både utdanningsinstitusjonar og aktørar i arbeidslivet kan søke på ordninga, men prosjekta må samarbeide med minst ein utdanningsinstitusjon og representantar frå arbeidslivet.

Det er ei rekke utlysningar frå statlege aktørar med mål om å utvikle arbeidslivsretta utdanningstilbod. Fylkeskommunen ønskjer at ordninga skal vere med å kvalifisere prosjekt frå Møre og Romsdal til å nå opp i den nasjonale konkurransen om midlar, Bergljot Landstad.

Du kan lese meir om ordninga her

Forankra i Kompetansealliansen

Forprosjektmidlar for utvikling av nye utdanningstilbod er forankra i Kompetansealliansen Møre og Romsdal, som fylkeskommunen etablerte i 2019. Kompetansealliansen er ein møteplass mellom arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal. Formålet er kople arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane tettare saman, for å medverke til eit utdanningssystem som i størst mogleg grad er tilpassa behova i arbeidslivet.

Kompetansereformen «Lære hele livet»Regjeringa har varsla at dei vil leggje fram ei stortingsmelding om Kompetansereformen i løpet av mars 2020. I statsbudsjettet for 2020, er det sett av midlar for å støtte opp under reforma. Desse midlane er mellom anna øyremerka ulike søknadsbaserte ordningar retta mot utvikling av arbeidslivsretta utdanningstilbod.

Eksempel på utlysningar frå nasjonale aktørar:

DikU (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning)

Kompetanse Norge (direktorat under Kunnskapsdepartementet)

Les også Regjeringa trappar opp kompetansereforma «Lære heile livet» med 112 millionar kroner

 

Kontakt