Snart klart for Europeisk mobilitetsuke i Molde

Korleis kjem vi oss dit vi skal på ein smart og utsleppsfri måte? Det er tema for mobilitetsveka, Europas største kampanje for miljøvennleg transport, som går av stabelen i Molde frå 16. til 22. september.

Skriv ut

I år skal arrangement rette søkelyset mot smart mobilitet, om korleis vi kjem oss frå der vi er til dit vi skal. Temaet er «Utsleppsfri mobilitet for alle».

Det er kommunane som melder seg på Europeisk mobilitetsveke, og i år er Molde kommune påmeldt i vårt fylke.  Som samarbeidspartnar vil Møre og Romsdal fylkeskommune ved FRAM bidra på delar av programmet.

På plakaten står mellom anna felles sykkeltur til Nordbyen frå sentrum, gågate i sentrum, gåseminar, gratis sykkelservice demonstrasjon av ulike transportmidlar

- Vi ønsker alle velkommen til å utforske utsleppsfri mobilitet saman med oss, Molde kommune og andre samarbeidspartnarar, seier Marit Holen, rådgivar i Fram.

Målet med kampanjen i 2020 er auka kunnskap om bruk av nullutsleppsteknologi, som er eit viktig verkemiddel for å nå klimagassmåla våre.

Sjå programmet for Europeisk mobilitetsveke i Molde kommune her.

Tema for tidlegare år har vore blant anna «Aktiv transport», «Velg rett reisemiks», «Miljøvennleg, smart og felles transport» og «Reis smart». Mobilitetsuka blir arrangert til same tid kvart år.

Kontakt