Snart kan fylkespolitikarane møtast ansikt til ansikt

Fylkeskommunen opnar no opp for fysiske møte. Frå veke 22 gjennomfører vi møte med inntil 15 deltakarar, i fylkesutval, hovudutval og andre utval.

Skriv ut

Regjeringa har no endra retningslinjene for kor mange som kan møtast i offentlege arrangement. Frå og med 7. mai er det lov med arrangement på offentleg stad for inntil 50 personar, med ansvarleg arrangør. Dette inkluderer også politiske møte.

- Eg ser fram til at vi snart kan møtast ansikt til ansikt igjen. Gjennomføringa av digitale møte har gått forbausande bra, men det gir ein annan dynamikk å møtast og sjå kvarandre. Vi skal fortsatt følge smittevernreglane nøye, og eg håper vi saman greier å halde koronaviruset under kontroll, seier Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Politikarar som av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å møte, som tilhøyrer risikogrupper eller har symptom på sjukdom, kan delta digitalt, slik som tidlegare i vår.

Møta vil bli streama så lenge det er grenser for kor mange som kan møtast av smitteomsyn.

Dermed blir møta tilgjengelege for både media og andre tilhøyrarar, etter prinsipp om offentlege møter.

Digitalt fylkesting

Frå 15. juni vil regjeringa etter plana også bli opna for arrangement med opptil 200 deltakarar.

Fylkestinget 15. til 16. juni vil likevel bli gjennomført digitalt, slik som apriltinget, då det å ha så mange menneske samla samtidig over fleire døgn kan gi utfordringar med omsyn til smittevernreglane.

Kontakt