Smøla har flest kvinner i kommunestyret!

I Smøla er det kvinnefleirtal i kommunestyret, men for fylket totalt sett er det nedgang i kvinnerepresentasjonen. Ikkje noko fylke har lågare del kvinner i kommestyra enn Møre og Romsdal frå 2019. Og personrøystene må ta ein god del av skulda.

Skriv ut

Møre og Romsdal har vore blant dei fylka som har hatt lågast del kvinnelege representantar i kommunestyra. Etter kommunevalet i 2015 klatra Møre og Romsdal på fylkesrangeringa, og med ein kvinnedel på 38 prosent plasserte vi oss midt på lista. I 2019 er Møre og Romsdal tilbake på jumboplass med 36,4 prosent. Landsgjennomsnittet er 40,1 prosent, ein oppgang frå 39,0 prosent i 2015.

Smøla på topp

Smøla har frå 2019 overtatt toppen av lista for kommunane i Møre og Romsdal med ein kvinnedel på 53 prosent – og er med det einaste kommunen med kvinnefleirtal i kommunestyret. På plassane bak kjem Aukra med 48 prosent og Ålesund med 47 prosent. Gamle Molde toppa lista i 2015, men har etter samanslåinga ein kvinnedel på 32 prosent. Dette klart lågare enn dei dei tre kommunane som inngår i Nye Molde hadde til saman i 2015.

Stor variasjon

Det er stor variasjon mellom kommunane i fylket, og 13 av 26 kommunar kan vise til auke i kvinnedel. Størst auke har det vore i Sula (10,3 prosentpoeng) Aukra (9,5 prosentpoeng), Ulstein (8,0 prosentpoeng) og Rauma (7,4 prosentpoeng). Nye Ålesund kommune har også ein klar vekst (9,2 prosentpoeng) i kvinnedelen samanlikna med summen av dei fem gamle kommunestyra i 2015.

Det er to kommunar som no har under 25 prosent kvinnedel. Nye Volda kommune har 21 prosent kvinner i kommunestyret og Gjemnes 24 prosent. For Volda inneber dette ein nedgang i kvinnedel på 12,9 prosent om i slår saman tala for Volda og Hornindal i 2015. Vanylven hadde likevel den største prosentvise nedgangen med 14,3 prosentpoeng.

Låg kvinnerepresentasjon

Kvinnerepresentasjonen i kommunestyra er lågare enn kvinnedelen på vallistene. Totalt var kvinnedelen på kommunevallistene 40,9 prosent. Veljarane sine rettingar på listene gav dermed ein reduksjon i kvinnedelen på 4,5 prosentpoeng samla sett for fylket. I 18 av 26 kommunar førte personstemmer til lågare kvinnedel enn partia hadde lagt opp til. Størst konsekvens hadde personstemmene i Volda (-19 prosentpoeng), Gjemnes (-17 prosentpoeng) og Sunndal (-16 prosentpoeng). På den andre sida kan vi løfte fram veljarane i Ålesund og Rauka, som sørga for ein 6 prosentpoeng betre kvinnedel i kommunestyra enn partia hadde nominert. 

statistikk over del kvinner blant listekandidatane og i kommynestyra 2019

Snarvegar

Kontakt