Smitteutbrot i Ålesund – tiltak i kollektivtrafikken

Som ein følgje smitteutbrotet i Ålesund har kommuneoverlegen bedt om ytterlegare tiltak knytt til kollektivtrafikken. Fleire bussar vert sett inn for å auke kapasiteten i rushtrafikken, påbod om bruk av munnbind på buss og hurtigbåt og stengd framdør på bussane, er tiltak som no vert sett i verk.

Skriv ut

Frå og med måndag 22. mars blir det no sett inn endå fleire bussar i rushperioden i Ålesund.

 - Frå måndag morgon blir busstilbodet i Ålesund rushtrafikken forsterka med inntil 14 turbussar for å ta ned presset på avgangane med flest reisande, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM. Dette blir gjort for å legge til rette for størst mogleg avstand mellom reisande.

Dei ekstra bussane blir sett inn på desse strekningane:

  • Emblem/Flisnes – Blindheim ungdomsskole
  • Langevåg – Spjelkavik vgs
  • Flisnes – Spjelkavik vgs
  • Ålesund sentrum – Borgund/Spjelkavik vgs
  • Moa/indre bydel – Fagerlia vgs/Ålesund vgs
  • Hessa – Skarbøvik ungdomskole
  • Valderøya – Ålesund sentrum/ vgs  - ekstrabuss frå Ytterland på fleire avgangar

Dei som kan, blir oppmoda om å finne alternative reisemåtar

Sjølv om FRAM no set inn det som finns av ledige bussar i Ålesundsområdet, blir alle som kan oppmoda om å bruke alternative transportmåtar eller reise utanom rushperiodane. 

Påbod om munnbind på kollektivreiser

I Ålesund, Sula og Giske er det no påbod om munnbind i kollektivtrafikken. Påbodet gjeld både på buss og hurtigbåt.

Munnbindpåbodet gjeld ikkje for barn under 12 år.

– Det er viktig å merke seg at påbodet om munnbind og vil gjelde for reisande på FRAM Ekspress som reiser gjennom Ålesund kommune, sjølv om dei ikkje går på eller av bussen i Ålesund, seier Jesper Wiig.

Stengde framdører

Verneombodet til bussoperatøren til FRAM har gjort vedtak om å stenge framdørene på bussane i Ålesund, Sula og Giske, på FRAM Ekspress linje 100 mellom Ålesund, Molde og Kristiansund og på FRAM Ekspress linje 681 mellom Ålesund og Åndalsnes (togbussen).
Det er viktig at reisande følgjer retningslinene om å halde avstand ved på- og avstiging for å unngå trengsel. 

Ikkje mogleg å kjøpe billett hos sjåfør

Stengde framdører betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe billett hos sjåfør. Reisande blir bedt om å kjøpe billett på førehand i FRAM-appen, via SMS-betaling, på trafikkterminalane eller i nettbutikken til FRAM. Meir informasjon om korleis dei reisande kan kjøpe billett på førehand finns på nettsida til FRAM.

Kontakt