Slutt på kontantar og redusert rutetilbod

Frå fredag 13. mars kan ikkje dei reisande betale med kontantar på bussar og hurtigbåtar. Det blir færre bussavgangar som ei følge av at alle skular er stengt. Hurtigbåtane vil fortsette å gå i ordinære ruter.

Skriv ut

Bakgrunnen for avgjerda om kontantfrie bussar og hurtigbåtar er at FRAM ønskjer å redusere faren for smitte av sjukdom. Reisande kan nytte FRAM-appen, periodebillettar, reisekort eller vanleg bankkort.

Oppdatert trafikkinformasjon

Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen vil være oppdatert frå og med fredag 13. mars. FRAM kundesenter er tilgjengeleg for ruteopplysningar på telefon 71280100. Det kan bli fleire endringar i rutetidene framover. Endringane blir publisert på frammr.no.

Oppmoding til trafikantane

Dei som kan, bør unngå å reise kollektivt i dei travlaste periodane. På korte turar er det best å gå eller sykle. Reisande med ferje oppmodast å bli sittande i køyretøya sine under overfarten.

Om du skal reise med buss, hurtigbåt eller ferje ber vi deg om:

- Ingen kontantbetaling (bruk kort/app)

- Ikkje reis kollektivt hvis du er sjuk eller kan vere smitta

- Hugs god hoste- og handhygiene

- Vis omsyn til andre reisande

- Følg råda som blir gitt på fhi.no

Fram-appen finn du i App store eller Google Play. Ruteinformasjon finn du i appen eller på frammr.no.
 

 

Snarvegar

Kontakt