Skriftlig eksamen for elevar er avlyst
Skriftleg eksamen for elevar våren 2021 er avlyst. Eksamen for privatistar og munnleg eksamen for Vg3 blir gjennomført.
Regjeringa meldte i dag at dei avlyser skriftleg eksamen, men at munnleg eksamen for avgangselevar vil bli gjennomført.
Årsaka til at skriftleg eksamen blir avlyst er at det har vore ulikt tilbod om opplæring for elevane dette skoleåret. Derfor blir ikkje ein felles og lik skriftleg eksamen rekna som eigna prøving for kva elevane har lært.
Privatistar og elevar med behov for eksmaen for å få vitnemål gjennomfører eksamen som normalt, medan alle muntleg-praktiske og praktiske eksamenar blir avlyst.