Skolane opnar neste veke, men det blir gradvis

Det er no gitt klarsignal for opning av alle skolane i løpet av neste veke, men det blir ikkje frå måndag 11. mai for alle elevar. Denne dagen vil gå med til planlegging av oppstarten. 

Skriv ut

Det blir no planlagt ei forsvarleg skoleopning for elevane, i tråd med dei nasjonale smittevernreglene. Vi reknar med at det ikkje mogeleg å opne for at alle elevane kan møte opp kvar dag. Dette vil ikkje skolane ha kapasitet til, verken når det gjeld skoleskyss eller tilgang på nok areal. Begge deler må oppfylle krava om avstand i rettleiaren om smittevern.

Blir skolekvardagen som før koronatiltaka vart sett i verk?

Skolekvardagen blir ikkje som før koronatiltaka. Vi må framleis ta omsyn til smitteverntiltak. Korleis dette blir for dei enkelte skolane og klassane veit vi ikkje enno. Det er mogeleg at elevane må møte på skolen til ulike tider, kanskje får dei opplæring i andre rom enn tidlegare og kanskje blir undervisnninga lagt opp annleis enn før. Elevane må derfor vere forberedt på ein kombinasjon av oppmøte på skolen og heimeundervisning, og vil etter kvart få beskjed om når dei skal møte opp.

Blir det eksamen likevel?

Nei, det har regjeringa bestemt. Skolane skal no konsentrere seg om å gi opplæring med gode smitteverntiltak og følge oppsatt plan. Det vil seie at det vil bli jobba med å få til standpunktvurderingar. 

Korleis kan elevar og lærarar unngå smitte?

Det er laga ein nasjonal rettleiar for smitteverntiltak på skolane. Her står det mykje om korleis både skolen og elevane kan gjere ein innsats for å hindre smitte.

Dei tre viktigaste tiltaka er:

  • avstand
  • handhygiene
  • halde deg heime dersom du er sjuk