Skal forske på fiskehelse

Oppdrettsselskapet Pure Norwegian Seafood vil ta i bruk medisinsk forsking frå menneske til å studere fiskehelse. Prosjektet får 500 000 kroner frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal.

Skriv ut

Dei fem siste åra har det vore ein auke i talet på oppdrettslaks som dør på grunn av hjartesjukdomen cardiomyopatisyndrom (CMS). Sjukdommen finst i anlegg langs heile Norskekysten, men utbrotta varierer blant dei ulike fiskeoppdrettarane.

Matfiskprodusenten Pure Norwegian Seafood, som held til på Averøya, skil seg positivt ut ved at dei ikkje har hatt CMS utbrot på over to år. Selskapet produserer laks som oppfyller krava til kvalitetsmerket «Label Rouge» og kan dokumentere god fiskehelse og låg dødelegheit.

-Vi veit at fiskefôret speler ei viktig rolle, men nøyaktig korleis dette påverkar hjarte- og sirkulasjonshelsa til fisken er mindre kjent, seier Anders Marthinussen.

Medisinsk forsking frå menneske

For å forstå meir av fiskens hjartehelse, skal ein i dette prosjektet ta i bruk den siste kunnskapen frå medisinsk forsking på hjartelidingar hos menneske. Med seg på laget har dei forskarar frå Møreforsking Ålesund og NTNU. Åkerblå AS er samarbeidspart.

-Skal vi få til lønnsam vekst i oppdrettsnæringa, må vi vite meir om fiskehelse. Vi håpar derfor at ved å kople kunnskap, personell og infrastruktur frå den medisinske forskinga, vil vi kunne forstå meir av bakgrunnsmekanismane for CMS utbrot, seier Marthinussen.

Vil styrke biomarin forsking

-Prosjektet vil i seg sjølve ha stor vitskapleg verdi. Det unike er at vi tek i bruk State-of-the-art forsking frå menneskje til å studere fiskehjarte, seier Svein Erik Gaustad i Møreforsking.

-Vi håpar dette prosjektet vil bidra til å bygge opp eit biomarint forskingsmiljø på Nordmøre og Møre og Romsdal, og at aktivitetane i prosjektet kan motivere bedriftene i regionen til auka samarbeid om forsking og utvikling, seier Gaustad.

Første tildelingsrunde

Dette prosjektet er eitt av femten prosjekt som etter første tildelingsrunde får kvalifiseringsstøtte frå RFF Møre og Romsdal.  RFF Møre og Romsdal tek imot og behandlar søknadar om kvalifiseringsstøtte fortløpande. 

Om Regionale forskingsfond Møre og Romsdal

RFF Møre og Romsdal er eit ordning for å styrke forskingsevna i Møre og Romsdal gjennom tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.

Snarvegar

Kontakt