Signerte kontrakt for Ytre Sunnmøre

I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Norled ASA kontrakten for drifta av tre ferjesamband knytt til fylkesvegane på Ytre Sunnmøre.

Skriv ut

Om kontrakten

Kontrakten startar opp 1. januar 2021 og gjeld fram til og med 31. desember 2031. Kontrakten gjeld drift av ferjesambanda Volda-Lauvstad, Årvika-Koparneset og Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. På sambandet Årvika-Koparneset skal det settast inn miljøferje frå 2022. Dette er eit viktig tiltak i det grøne skiftet.

– Ytre Sunnmøre er den femte kontrakten Møre og Romsdal fylkeskommune inngår i ny anbodsutsetting av ferjedrifta i Møre og Romsdal, og det er gledeleg at vi reduserer utsleppa også i denne kontrakten, seier avdelingssjef for FRAM, Stig Helle-Tautra.

– Vi er meget glade for at Norled får fornya tillit og skal drive vidare Ytre Sunnmøre sambanda heilt fram til 2032, og dermed kan fortsette å levere gode reiseopplevingar for våre passasjerar, seier viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled.

Investeringar på land

Kontraktsummen er på om lag 1 milliard kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune vil og får ein betydeleg kostnad knytt til oppgraderingar av kaianlegga for sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya slik at kaiane kan ta i mot nyare og større fartøy frå 2025. I dag er kaianlegga små og har svært avgrensa levetid.

Det skal også gjerast investeringar knytt til infrastruktur for miljøteknologi på sambandet Årvika-Koparneset.

Krevjande økonomi

Møre og Romsdal fylkeskommune må redusere driftsnivået framover på grunn av den krevjande økonomiske situasjonen til fylkeskommunen. Møre og Romsdal fylkeskommune er difor heilt avhengig av eit fortsatt godt samarbeid med Norled omkring utviklinga av transporttilbodet på Sunnmøre. – Vi ser fram til å fortsette samarbeidet med Norled på desse sambanda, og særleg til god samhandling i høve ombyggingsperioden på kaianlegga, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontakt