Samarbeid med Trygg trafikk for å halvere talet på drepne og hardt skadde

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke at årets budsjett på to mill. kr til haldningsskapande trafikktryggingsarbeid skal gå til samarbeidsprosjekt med Trygg trafikk.

Skriv ut

- Ein viktig føresetnad for godt og målretta arbeid med trafikktrygging er eit tett samarbeid mellom fleire aktørar. Dei haldningsskapande prosjekta vi skal satse på i Møre og Romsdal er ein del av Trygg trafikk sine nasjonale tiltak og skal bidra til at vi når målet vårt om å halvere talet på drepne og hardt skadde i trafikken i fylket innan 2030, seier leiar av samferdselsutvalet Kristin Sørheim.

Dette er satsingane fylkeskommunen og Trygg trafikk skal samarbeide om

1. Trygge og sikre barn

- Sikring av barn i bil-kampanje for barnehagar

- Musikkteateret «ville veier og vrange skilt»

- Kurs for barnehagetilsette

- Samarbeid med ungt entreprenørskap om auka bruk av sykkelhjelm

2. Trafikktrygg ungdomstid

- Trafikktrygging i fotball- og handballmiljøet

- Kvalifiseringskurs for lærarar – valfag trafikk

- Sosiale media for kommunikasjon med ungdom

- Russ 2021

- Reklamefilm om rusfri køyring saman med MA Rusfri

3. Trafikktrygging for fotgjengarar og syklistar

- Reflekskampanje

- Reflekskonkurranse

- Digitalt forum: sykkeldyktig.no

4. Samordning av trafikktryggingsarbeidet

- Godkjenningsordninga «Trafikksikker kommune»

- Trafikktryggingarbeid for flyktningar – introprogram

Kontakt