Ruteendringar for ferjene frå 1. mai

Frå 1. mai 2020 blir det endringar i rutetidene for seks samband blant fylkesvegferjene.

Skriv ut

Desse rutene får endringar:

  • 02 Årvika-Koparneset
  • 08 Volda-Lauvstad 
  • 12 Sæbø-Leknes
  • 13 Magerholm-Sykkylven
  • 16 Standal-Trandal-Sæbø-Skår og
  • 31 Aukra-Hollingsholmen

– Korrespondansane mellom ferjene og med bussane har blitt betre for pendlarane og næringsverksemdene med endringane som er gjort, seier rådgivar Atle Ræstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bruk reiseplanleggaren for oppdatert ruteinformasjon

Vi oppmodar publikum til å bruke reiseplanleggaren på frammr.no og inne i FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon. Det er òg mogleg å ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å få ruteinformasjon.

Endringane er gjort i dialog med kommunane

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort endringane i rutetidene i dialog med mellom anna kommunane. I prosessane med kommunane har fylkeskommunen arbeidt for å komme fram til rutetabellar som er best mogleg tilpassa ønska til dei reisande med ferjene og økonomien.

Snarvegar

Kontakt