Reis kollektivt - redusert kapasitet på innfartsvegane i Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune skal sikre store delar av Kranaveien med nytt rekkverk. Frå 3. februar blir vegen einvegskøyrt og det er berre mogleg å køyre ut av sentrum.

Skriv ut

Det nye rekkverket må ha godt feste for å fungere slik det skal. Seksjon for seksjon skal det gamle betongfortauet piggast opp og fjernast. Så skal det skiftast ut noko masse før det blir forskala, armert og støypt opp fortau som det nye rekkverket blir festa i. 

Entreprenøren må nytte det eine køyrefeltet til rigg og maskiner. Difor blir det einvegskøyring og berre mogleg å køyre ut av byen.

- Reis kollektivt

- Om alle som køyrer Kranaveien inn til sentrum skal køyre rv. 70 i staden, vil trafikken mot sentrum i Langveien auke med opp mot 2500 bilar berre mellom klokka 07 og 17. Det vil gi lange køar og i verste fall korke trafikken heilt. Difor vil vi oppmode sterkt om at dei som kan reise med sundbåten eller bussen gjer det. Det vil hjelpe til at alle kjem seg lettare fram dit dei skal, seier byggeleiar Hallvard Rangnes i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Mjuke trafikantar

Arbeidet skapar også hindringar for dei som går og syklar. Dei blir leda ned til Vågen og gjennom Mellemværftet. Her vil det bli rydda snø og strødd om det blir naudsynt i vinter.

Har vurdert alternativ

Fylkeskommunen har saman med Statens vegvesen vurdert trafikktala og ulike alternativ for trafikkavvikling. Det ligg ikkje til rette for lysregulering fordi strekninga er for lang. Det vil gi lang ventetid og det vil fort gi lange køar som igjen vil hindre trafikken på sidevegnettet. 

Det er også vurdert å snu einvegskøyringa morgon og kveld, men trafikktala viser at trafikken inn og ut av sentrum er relativt lik på morgonen og høgare ut frå sentrum på ettermiddagen. Difor er det valt å ha einvegskøyringa ut frå sentrum heile døgnet.

Korleis kan eg reise kollektivt?

Reiseplanleggaren til Fram inneheld alle bussruter og rutene til sundbåten. Legg inn kor du skal reise frå og til så vil du få oversikt både buss- og sundbåtruter. Det er gratis å reise med sundbåten ut mai. Vel du å ta bussen, vil det raskt løne seg å kjøpe periodebillett (30-dagar). For vaksne kostar det 460 kr frå Omsundbrua og inn til sentrum og 725 kr innanfor heile Kristiansund kommune. 

Meir informasjon på nettsidene til Fram. 

Arbeid i to fasar

Prosjektet startar med at 216 meter rekkverk opp bakken frå Gassverktomta blir skifta ut. Denne jobben vil vare ut april. 

Parallelt blir det jobba med planlegginga av fase 2, som er dei 230 metrane som er nærast Vågen. Målet er å starte her når fase 1 er ferdig, men dårlegare kvalitet på murar og tilkomst til eigedommar gjer planlegginga og gjennomføringa meir komplisert. Vegen slik vi kjenner han i dag vart bygd for om lag 70 år sidan og det finns lite dokumentasjon som skildrar korleis vegen utanom bruene er bygd opp. Difor er erfaringane i starten av fase 1 også viktige for planlegginga av fase 2. 

- Målet vårt er å jobbe samanhengande. Trafikantane må difor førebu seg på einvegskøyring i ein lengre periode. Kor lenge må vi få kome tilbake til når vi har kome lengre i planlegginga av den andre fasen i arbeidet, seier byggeleiar Hallvard Rangnes. 

På midten ligg Kranaveien i hovudsak på bruer som ikkje er i god nok stand til å kunne støype på og montere nytt rekkverk. Det blir jobba med å vurdere ulike løysingar for denne delen. Her er det inntil vidare sikra med eit mobilt stålrekkverk.