Reduserte takstar for fylkesvegferjene frå 1. mai

20. april 2020 vedtok fylkestinget å redusere takstane for fylkesvegferjene med to soner. Reduksjonen i takstane vil gjelde frå 1. mai, og inntil vidare.

Skriv ut

Takstane for dei fylkeskommunale ferjesambanda blir dermed reduserte til same nivå som for dei statlege ferjesambanda. Det vil seie to takstsoner lågare enn i dag på nesten alle fylkeskommunale ferjesamband. Passasjerar reiser gratis med ferjene.

Vedtaket om å redusere takstane er ein del av tiltakspakken for å bremse negative samfunnsverknader som følge av koronapandemien.

Fylkestinget har vidare gjort vedtak på at staten må utgreie følgande endringar i AutoPASS-regulativet:

  • Passeringstak for privatbil. Ordninga må kunne knyttast til enkeltsamband
  • Endra rabattnivå for firma- og privatavtalar
  • Redusert nivå på kapitalbinding på kort
  • Vurdere alle konsekvensar ved å innføre eit takstnivå for køyretøy som er lik riksregulativet for ferjetakstar og framleis gratis for passasjerar
  • Eigne ordningar for turistbussar
  • AutoPASS-takstregulativ med passasjerbetaling gjennom AutoPASS
  • Endre rabattordningar for MC til same nivå som for elbil

 

Kontakt