Reduserer fylkespolitisk aktivitet for å forebygge smitte av koronaviruset

Med bakgrunn i den pågåande koronapandemien og stor fare for smittespreiing, blir den politiske aktiviteten i Møre og Romsdal fylkeskommune redusert framover.

Skriv ut

Fylkeskommunen sin krisestab har bestemt at det ikkje skal gjennomførast møte med meir enn 15 deltakarar. Dette gjeld også politiske møte.

Gruppeleiarane i fylkestinget hadde fredag 13. mars telefonmøte der det vart gitt tilslutning til følgande organisering av den politiske verksemda framover:

  1. Saker som kan utsettast til situasjonen har normalisert seg blir utsett.
  2. Slik situasjonen er no, ligg det an til at fylkestinget 20.-21. april blir avlyst. Blir fylkestinget avlyst vert det kalla inn til eit ekstraordinært fylkesutval i same tidsrom.
  3. Fylkesutvalet kan fatte nødvendige vedtak i fylkestingssaker med heimel i kommunelova sin § 13 – Utvida myndigheit i hastesaker.
  4. Møte i politiske organ med færre enn 15 deltakarar kan gjennomførast etter møteplan dersom det er saker på dagsorden som er vurdert nødvendig å behandle (jamfør pkt. 1). Møta blir streama på fylkeskommunen si nettside.
  5. Aktørar som har møte- og talerett i aktuelle politiske organ kan møte via videokommunikasjon på møterom 110.  
  6. Media og andre kan følge møta via streaming på mrfylke.no/streaming heimanfrå eller frå sine eigne kontor.
  7. Situasjonen kan endre seg og planlagde møte kan bli avlyst på kort varsel.

VIKTIG INFORMASJON:

I forbindelse med koronapandemien, ber vi alle som blir kalla inn til politiske møte om sjølv gjere ei risikovurdering :

1. Eigen helsesituasjon. Høyrer du til det som Folkehelseinstituttet definerer som risikogrupper? Då må du vurdere om det er trygt for deg å delta i politisk møte for å unngå at du blir smitta.

2. Er det risiko for at du kan smitte andre? Har du vore i nærkontakt med personar som er påvist smitta av korona eller som er mistenkt smitta, eller som i ein periode på 14 dagar mellom ankomst Noreg og det aktuelle møtet har vore i utlandet, kan du vere smitteberar.

Om du vurderer at din situasjon fell inn under pkt. 1 og/eller pkt. 2, kan du delta på møte via videokonferanse. Du skal då melde frå til sekretariatet, som vil legge til rette for dette.

Om du av andre grunnar ikkje kan møte, skal du på vanleg måte melde forfall til det aktuelle møtet.

Praktisk informasjon:

  • Kantina på fylkeshuset er inntil vidare stengt. Det blir ikkje høve til å kjøpe mat eller få servering av kaffe/te på dei politiske møta.

Kontakt