Politiske møte vil bli gjennomført som videokonferanse

I staden for fysiske møte vil politiske møte bli gjennomført som videokonferanse i tida framover. Publikum og presse kan høyre lyden direkte frå møta via mrfylke.no/streaming. Etter møtet vil det bli lagt ut opptak på på mrfylke.no

Skriv ut

I første omgang gjeld dette kontrollutvalet 18. mars, og kompetanse- og utdanningsutvalet 19. mars. I neste veke vil fylkesutvalet tysdag 24. mars bli gjennomført som videomøte.

- Vi gjer no som mange andre og legg opp til møte der vi unngår at vi samlar oss fysisk. Med løysingane vi har i dag, er det likevel mogeleg å gjennomføre møte, samtidig som vi følger råda for å hindre spreiing av koronaviruset, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Kontakt