Pengar til tettstadutvikling på Tingvoll

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver inntil 1,36 mill. kroner til Tingvoll kommune for tettstad-tiltak i Tingvollvågen.

Skriv ut

Heilt sidan Tingvoll kommunestyre i 2017 vedtok å starte eit nytt tettstadprosjekt, har kommunen jobba godt og målretta. Gjennomføringa av eit såkalla parallelloppdrag (betalt utgreiingsoppdrag gjennomført av arkitektgrupper frå Pirll og Norconsult og Rodeo Arkitekter) i 2018 og 2019 resulterte i ei 10-punkts liste for neste fase.  

-Grunnlagsjobben er gjort, og no startar arbeidet med å konkretisere tiltaka. Det er stort engasjement og høge forventningar til prosjektet blant innbyggarane, og vi registrerer med glede at frivillige organisasjonar og delar av næringslivet deltek aktivt i utviklinga, seier leiar for kultur-, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter.

Tingvollvågen

Dei to viktigaste plassane i Tingvollvågen er Gunnars Plass og kaifronten. Gunnars Plass er bygdas hovudtorg og festplass, og kaifronten, som vart øydelagt i under orkanen Dagmar i 2011, koplar plassen til fjorden. Innbyggarane ønskjer at kaifronten blir bygd opp igjen, og dei har også gitt innspel til korleis Gunnars Plass kan bli utvikla. Både Gunnars Plass og kaifronten står på tiltakslista som no får støtte til prosjektering.

Tilskotet er avgrensa til 36,6 prosent av totalkostnad, og vedtaket er gjort på vilkår av fullfinansiering. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet behandla saka i møte 5. mai 2020. Les heile saka her.

Kontakt