Påbod om munnbind på reiser til og frå Trondheim

Trondheim kommune har innført påbod om bruk av munnbind på kollektivreiser i Trondheim og reiser med båt, regionbuss eller flybuss inn til Trondheim.

Skriv ut

Dette betyr at alle reisande med FRAM si busslinje 905 på strekninga Ålesund-Molde-Kristiansund-Trondheim skal bruke munnbind i Trondheim kommune. Det same gjeld reisande på Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim. Påbodet gjeld frå og med onsdag 18. november.

Påbodet gjeld på reiser både til og frå Trondheim

Reisande frå Trondheim skal bruke munnbind, og vi anbefaler at det blir nytta på heile reisa. Det vil seie at dei skal behalde munnbindet på viss dei bytter frå 905 til ein annan buss for å kome seg til sin endestopp, eller dei tar buss vidare etter at dei har kome til Kristiansund med Kystekspressen.

Alle reisande i retning Trondheim må ha med munnbind som skal nyttast under reisa i Trondheim kommune. Reisande med Kystekspressen må og ha munnbind som skal nyttast under reisa i Trondheim kommune.

Påbodet gjeld ikkje barn under 12 år, eller dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Dei reisande må sjølv sørge for å ha munnbind og sette seg inn i riktig bruk.

Kontakt