Opplevingsfestivalen inntek Kristiansund

10. og 11. februar blir det for andre gong i historia arrangert opplevingsfestival i Møre og Romsdal. Kristiansund og Thon Hotel er vertskap for aktørar innan reiseliv, lokalmat og drikke og kultur frå heile fylket.

Skriv ut

- Dette skal vera ein arena av, for og med aktørane innan opplevingsnæringa; reiseliv, mat/drikke og kultur. Vi har eit verdigrunnlag for festivalen som går på at kvar enkelt er like viktig – uavhengig av storleik eller namn, seier Jan Sverre Sivertsen (Sivert), prosjektleiar for prosjektet ‘Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal’ i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bygge nettverk

Festivalen skal først og fremst vera ein nettverksarena, der målet er å bli kjent med kvarandre, knyte kontaktar og skapa relasjonar. Festivalen skal vera relativt fritt for foredrag, men ha fokus på å skapa relasjonar på tvers av næringane. Innovasjonsselskapet Vindel AS skal, saman med prosjektleiaren, sørga for å lose deltakarane gjennom dei to dagane. Det er eit mål  at festivalen skal vera eit årleg arrangement så lenge prosjektet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» går føre seg, til og med 2021.

Sekkepipe og innovasjon

- Allereie no kan vi røpa at det blir både trompet, sekkepipe, innovasjon, produkt- og tenesteutvikling i løpet av to hektiske dagar i Kristiansund, seier prosjektleiar Jan Sverre Sivertsen.

Festivalen samarbeider med både Operaen i Kristiansund og innovasjonsselskapet Vindel AS om innhald og gjennomføring av festivalen. Også festivalhotellet speler ei viktig rolle, då dette skal vera alt anna enn ein vanleg konferanse.

– I fjor hadde vi over 100 deltakarar på festivalen i Fosnavåg, og mange av desse melde tilbake om nye samarbeid og kontaktar med ein gong. Vi er sikker på at dette vil skje også i år, avsluttar Sivertsen

Kontakt